Hopp til innhald

BIDR200 Idrett og treningslære

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar prestasjonsbestemmande faktorar i ulike idrettar og tek føre seg:

  • Adaptasjon (endring etter trening) i bestemmande faktorar
  • Trening og treningsgjennomføring av styrke, uthald, spenst og hurtigheit, og i ulike idrettar (metodar, intensitet etc.)
  • Treningsplanlegging (krav og kapasitet, planar, treningsprinsipp, formtopping)
  • Testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst
  • Prestasjonsbestemmande faktorar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om ulike treningsmetodar og effekten av dei for uthald, styrke, hurtigheit og spenst
  • har brei kunnskap om treningsplanlegging
  • har brei kunnskap om korleis å lage og tolke arbeids- og kapasitetsanalyse for valt idrett
  • har kunnskap om testing av uthald, styrke, hurtigheit og spenst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare prestasjonsbestemmande faktorar for ulike idrettar 
  • kan forklare adapsjonar til ulike treningsmetodar 
  • kan gjennomføre trening av styrke, uthald, spenst og hurtigheit, og i ulike idretter 
  • kan gjennomføre og evaluere generelle og idrettsspesifikke testar
  • kan innhente, analysere, tolke og presentere data

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere og diskutere ulike prestasjonsbestemmande faktorer 
  • kan utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter for å betre kapasiteten til ein utøver i ulike idrettsgreiner 
  • kan formidle og diskutere adaptasjon til trening 
  • kan lage treningsplaner og kontrollere treningseffekt gjennom testing 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til klasserom, innandørs i sal og laboratorium, ute i felt, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i praktiske timar (testing/laboratorieøvingar og trening) og diskusjonstimar i klasserom

Desse læringsaktivitetane er kopla opp mot læringsutbytta om å kunne utvikle, gjennomføre, evaluere og tilpasse idrettsspesifikke treningsøkter, treningsplaner og tester. Minimum 80% av læringsaktivitetane må være godkjende.

Vurderingsform

Mappeeksamen med læringsmappe og vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Læringsmappa består av fem delar:

  • Mappeelement 1: Planleggingsprosessen
  • Mappeelement 2: Gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av trening
  • Mappeelement 3: Metode og statistikk
  • Mappeelement 4: Quiz-oppgåver
  • Mappeelement 5: Prestasjonsbestemmande faktorar og adaptasjon

To av mappeelementa skal utgjere vurderingsmappa. Desse to mappelementa vert bestemt av faglærar innan tre veker før eksamen.

Dersom begge elementa ikkje er levert i vurderingsmappa, vil vurderingsmappa få «ikkje bestått». Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel