BIDR201 Idrett og aktivitetslære 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet bygger på Idrett og aktivitetslære 1 og skal gje ei djupare forståing i utvalte aktivitetar og gjennom aktiviteten fremje samarbeid og respekt for kvarandre. Studentane skal vidareutvikle praktisk ferdigheiter, teoretisk kunnskap med samtidig stimulering av bevegelsesglede og fysisk aktiv livsstil som skal gi ei forståing av fysisk aktivitet sin betydning for vår helse.
Emnet blir organisert som emnekurs med lærarstyrt og studentstyrt undervisning og eigenaktivitet. I emnet, som hovudsakleg er praktisk retta, vil studentane få prøvd ut trenarrolla i utvalte delar av aktivitetane. Timane blir lagt opp som konsentrerte emnekurs og den metodiske tilnærminga vil ha ein viktig plass i undervisninga. Undervisninga legg opp til at studentane skal kunne sjå samanheng med andre emner i studieåret. For studentar som ynskjer trenarsertifisering i utvalte idrettar (eks. fotball og klatring) må ekstra arbeidsoppgåver påreknast. Deler av Norges fotballforbund (NFF) sin trenarstige (UEFA B) kan bli godkjent etter gjennomført emne.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike nivå i nokre utvalde idrettar og bevegelsesaktivitetar
- kan erfare og reflektere over eigen/eiga ferdigheitsutvikling i nokre utvalde idrettar
- kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kjenner til og bruker metodisk tilnærming i innlæring av ferdigheiter
- kan reflektere over kva tilnærming som fungerer godt i høve ferdigheitsutvikling
- kan reflektere over eigen faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan bruke relevante faglige digitale verktøy og teknikkar
Generell kompetanse
Studenten
- kjenner til relevant forsking i utvalde idrettar og aktivitetar
- har gjennom den praktiske aktiviteten fått reflektert over bruk av øvingar for barn og ungdom i den frivillige idrett og skule
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i emnet er knytt til både teoretiske og praktiske timar der studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. I desse timane vil stimulering av eigenaktivitet og meistring av sentrale bevegelsesmønster vere sentralt saman med det metodiske grunnlaget. Gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer inngår som ein viktig del av emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i obligatorisk undervisning skal gi studenten kunnskap om og refleksjon over aktiviteten og kunne samhandle med andre
- Mappeinnlevering der arbeidsoppgåvene består av å vurdere metodisk tilnærming i innlæringa av ferdigheiter. Ein vil oppnå dette gjennom planlegging, tilrettelegging og rettleiing av aktivitet og der digitale ressursar kan nyttast for å forsterke dette arbeidet
For studentar som tek trenarutdanning i fotball vil obligatoriske læringsaktivitetar vera retta mot fotballfeltet. Dette kan og vere aktuelt for andre idrettar med sertifisering.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 45 minutt).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel