BIDR211 Førebyggjande fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet handlar om fysiologiske samanhengar mellom fysisk aktivitet og førebygging av dei vanlegaste folkesjukdomane. Studentane skal arbeide med val og dosering av aktivitet og treningsmetodar som primær- og sekundærførebygging av aktuelle tilstandar. Studentane får praktisk øving i korleis ein gjennomfører testar for vurdering av helse og fysisk form på individnivå, samt øving i å innhente, analysere og presentere kvantitativ data.
I emnet skal studentane gjennomføre punktpraksis tilsvarande 20 timar i individuell treningsplanlegging- og rettleiing av ein tildelt deltakar. Treningsrettleiinga skal føregå ved campus eller nær tilknytting til campus. Rettleiarar er tilsette ved frisklivssentral, treningssenter, faglærarar eller andre med kompetanse på fagfeltet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innan fagområdet
- har kunnskap om dei vanlegaste folkesjukdomane, patofysiologi og deira risikofaktorar
- har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, fremming av helse og førebygging av vanlege folkesjukdomar- og tilstander
- har kunnskap om samanhengar mellom kosthald, tobakk og alkohol og førebygging av vanlege folkesjukdomar- og tilstander
- har brei kunnskap om anbefalte treningsmetodar og dosering av fysisk aktivitet innanfor fagområdet
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende fagleg kunnskap og forsking til å planlegge og gjennomføre fysisk aktivitet og trening som førebygging av vanlege folkesjukdomar- og tilstander
- kan gjennomføre og reflektere over metodar knytt til testing og vurdering av helse og fysisk form
- kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan innhente, analysere, tolke og presentere kvantitative longitudinelle data
- kan anvende internasjonale vitskapelege artiklar til å innhente relevant kunnskap på fagområdet
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre, rettleie og reflektere rundt fysisk aktivitet og trening i eit førebyggjande perspektiv
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
IDF101 Treningslære, BIDR210 Fysiologi og treningslære
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet består av gruppe- og individuelt arbeid med caser, førelesingar, praktisk aktivitet i lab og i felt og praksis for at studenten kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Gjennomført praksis med tilhøyrande seminar og rettleiing
- Praksisrapport
- Gjennomført lab-aktivitet med tilhøyrande lab-rapport
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å anvende fagleg kunnskap til å planlegge, gjennomføre, rettleie og reflektere rundt trening og fysisk aktivitet i eit førebyggande perspektiv og å kunne gjennomføre og reflektere over metodar knytt til testing og vurdering av helse og fysisk form.
Nærare retningslinjer for de obligatoriske læringsaktivitetane vert gitt ved semesterstart.
Vurderingsform
Munnleg eksamen i gruppe, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel