Hopp til innhald

BIDR213 Folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet folkehelsearbeid gir innføring i sentrale omgrep, teoriar og prinsipp knytt til helsefremjande arbeid og folkehelsearbeid. Gjennom emnet skal studenten lære om sentrale faktorar som kan påverke helse og livskvalitet på gruppe- og befolkningsnivå. Studentane skal arbeide med korleis ein kan leggje til rette i samfunnet for å fremje helse i befolkninga og redusere sosial skilnad i helse med særskilt fokus på fysisk aktivitet.

Emnet gir ei innføring og praktisk øving i prosjektleiing og å gjennomføre eit folkehelseprosjekt der studentane skal arbeide aktivt og ute i felt med ei problemstilling eller eit oppdrag frå ein kommune, bedrift, frivillig organisasjon eller anna aktør innafor folkehelsefeltet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan gjere greie for relevante omgrep og teoriar knytt til folkehelsearbeid og helsefremjande arbeid
  • kan gjere greie for sentrale folkehelseutfordringar
  • kan beskrive faktorar som påverkar folkehelsa og livskvalitet
  • har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet og fremming av helse hos barn og unge
  • kan forklare ulike strategiar, sentrale prinsipp og føringar for folkehelsearbeid nasjonalt og globalt
  • kan beskrive ulike aktørar, arena og ulike nivå i folkehelsearbeidet både nasjonalt og internasjonalt
  • kan gjere greie for viktige fasar i prosjektarbeid
  • kan gjere greie for ulike målemetodar for fysisk aktivitet
  • kan gjere greie for dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet og kosthald
  • har kjennskap til innovasjonsprosess og innovasjonsmetodikk
  • har kjennskap til metodar for medverking og samskaping

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over etiske utfordringar knytt til folkehelsearbeid
  • kan innhente kunnskap om status for indikatorar på folkehelse og faktorar som påverkar helse og livskvalitet
  • kan vurdere helsefremmande og førebyggande strategiar og tiltak i lys av folkehelseutfordringar og bærekraftsmåla
  • kan vurdere eigna forskingsmetodar for kunnskapsbasert folkehelsearbeid
  • kan innhente, analysere, tolke og presentere kvalitative data
  • kan organisere eit prosjekt i samarbeid med andre
  • kan benytte digitale verktøy til formidling av fagstoff

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, vurdere, gjennomføre, evaluere og formidle eit folkehelseprosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet inneheld både teoretisk og praktisk undervisning med kombinasjon av prosjektarbeid, forelesning, gruppearbeid, feltarbeid og andre studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • obligatorisk læringsaktivitet knytt til læringsutbyttet «har brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet og fremming av helse hos barn og unge»
  • prosjektplan (skriftleg)
  • gjennomført prosjekt
  • framlegg og refleksjon av gjennomført prosjekt (munnleg)

Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Emnet har to deleksamenar som går over sju dagar:

  • Heimeeksamen i gruppe (vekta 50%): Formidling av eit folkehelseprosjekt gjennom video.
  • Individuell skriftleg oppgåve (vekta 50%): Tilhøyrande individuelt refleksjonsnotat

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Ved ny eksamen leverer studenten/gruppa omarbeida deleksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel