Hopp til innhald

BSV5-300 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studentane skriv ei individuell oppgåve med utgangspunkt i eit profesjonsrelevant tema. Emnet startar med undervisning i oppgåveskriving, litteratursøk og kjeldekritikk. Det vert i tillegg arrangert oppgåveseminar med rettleiar der studenten legg fram arbeidet sitt for andre studentar. Studenten har rett på fire timar individuell rettleiing på oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast innafor ei ramme på 8000 ord, og innhaldet skal skrivast i tråd med retningsliner for bacheloroppgåva som går fram av HVL sine nettsider og informasjonsheftet for emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om kjelder og relevant forskingslitteratur som kastar lys over eit tema
  • kjenner til metodiske krav til vitskapleg arbeid

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan kritisk vurdere og diskutere kjelder og meistre god kjeldebruk
  • kan søke i forskingsdatabasar, finne fram til relevante informasjonskjelder og framstille dette til å kaste lys over ei profesjonsrelevant problemstilling

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner
  • kan analysere, drøfte og formidle profesjonsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieåret og emna i haustsemesteret tredje studieåret skal vere greidd.

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emne:

VPD5-308 Profesjonsutøving i vernepleie for studentane på deltid

Tilrådde forkunnskapar

Ingen ut over spesifikke krav til forkunnskapar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, lærarstyrt oppgåveseminar, individuelt arbeid og individuell rettleiing. Praktisk øving i arbeid med litteratursøk og dokumentasjon av litteratursøk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Innlevering av tema og/eller problemstilling

2. Innlevering av prosjektbeskrivelse

3. Deltaking i undervisning og litteratursøk på biblioteket

4. Deltaking i oppgåveseminar. Meir spesifikke krav til deltaking går fram av eige informasjonshefte for emnet

5. Deltaking i minimum to rettleiingstime. Meir spesifiserte krav til deltakinga går fram av informasjonsheftet.

Obligatoriske læringsaktiviteter er gyldige i 3 påfølgjande semestre.

Vurderingsform

Oppgåve Bacheloroppgåva er hovudsakeleg eit individuelt prosjekt og skal maksimalt vere på 8.000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel