BULLA101 Barns utvikling, leik og læring
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet BULL - barns utvikling, leik og læring - omfattar grunnleggande kunnskap om barn og barn si utvikling. Kunnskap i emnet er knytt til barnehagen sitt verdigrunnlag og skal fremje fagleg innsikt i omsorg, leik, læring og danning. I emnet får studentane innføring i å leie pedagogisk arbeid gjennom observasjon, planlegging og vurdering av lærings- og utviklingsprosessar for barn i ulik alder og med ulike føresetnadar. Sentralt er synet på barn og barndom i eit mangfaldig, inkluderande og berekraftig samfunn. Emnet legg vekt på kunnskap om leik, då leik er ein livs- og læringsform med eigenverdi som er avgjerande for barna si allsidige utvikling.
Emnet er organisert i undervisningstema som er knytt til teori og praksis, og som har som mål at studenten skal få innblikk i arbeidet til barnehagelærar og pedagogisk leiar. Det vert forventa at studenten er førebudd til undervisning og deltar i diskusjonar, gruppearbeid, framlegg og anna. Studenten skal ta ansvar for å skape eit inkluderande klassemiljø med vekt på omsorg, anerkjenning, refleksjon og utforsking, som ein del av profesjonsdanninga.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om barnehagens formelle rammer, målsetjingar og verdigrunnlag
- har kunnskap om barns medverknad, syn på barn og barndom
- har kunnskap om teoriar og forsking om barns utvikling, leik, omsorg, læring og danning
- har kunnskap om leik som fenomen og barnehagen som arena for utforsking, vennskap, samspel og kroppsleg utfalding
- har kunnskap om didaktikk og observasjon
- har kunnskap om ulike overgangar knytt til barnehagelivet
- har kunnskap om pedagogisk leiing
Ferdigheiter
Studenten
- kan observere og analysere observasjonar
- kan skape, delta i og oppretthalde omsorgsfulle relasjonar og vise evne og vilje til innleving og anerkjenning av kvart enkelt barn
- kan etablere og leie samspel med enkeltbarn og i barnegrupper og reflektere fagleg over eiga rolle
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid
- kan vere deltakande og inspirerande i leik med barn i ulike miljø
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning
- skal kunne ha ein anerkjennande veremåte i møte med barns særeigne behov og læring
- skal kunne reflektere fagleg om barn sin integritet basert på forståing av barn sin rett til medverknad og syn på barn og barndom
- skal kunne praktisere og grunngi eigen pedagogiske kompetanse
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, seminar og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
Praksis: gjennomføres etter egne læringsutbytter som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis ABLUPR101 ligger i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsiden for praksis i barnehagelærerutdanningen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.
- Godkjent deltaking i undervisning, minimum 80%, knytt til læringsutbytte: Reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barns utvikling, leik, læring, omsorg og danning.
- Ein individuell læringsaktivitet knytt til pedagogisk leiing og observasjon
- Ein læringsaktivitet i grupper knytt til barns utvikling, leik og læring.
Obligatoriske læringsaktivitetar blir nærmare presisert ved semesterstart.
Dersom ei obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjent, får studenten éin (1) moglegheit til ny innlevering/gjennomføring innanfor ordinært studieforløp for emnet. Nytt forsøk må avviklast innan gitt frist før eksamen.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Omfang totalt 2500 - 3000 ord.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tillate
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BULL101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng
- BULLD101 - Barns utvikling, leik og læring - Reduksjon: 20 studiepoeng