FAL801 Fysisk aktiv læring
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Studentane arbeider med ulike didaktiske og helsefremjande tilnærmingar som integrerer bevegelse i undervisninga. Gjennom teoretiske og praktiske perspektiv på fysisk aktiv læring tek studenten utgangspunkt i eigen undervisingspraksis. Obligatoriske læringsaktivitetar legg vekt på planlegging, utprøving, evaluering og refleksjon.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studentane ha følgande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om pedagogiske, helsefremjande og affektive perspektiv på fysisk aktiv læring
- har inngåande kunnskap om forsking på fysisk aktiv læring integrert i undervisning og læringsprosessar
- har kunnskap om kva relevante styringsdokument seier om læring, danning og folkehelse og livsmeistring
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap til å planlegge, gjennomføre og kritisk evaluere fysisk aktiv læring i undervisning og læringsprosessar
- kan kritisk anvende teoretiske perspektiv til å analysere læringssituasjonar med fysisk aktiv læring
- kan anvende kunnskap om sosiale, psykiske og fysiske prosesser som påverkar elevane si helse, trivsel og læring i skulen
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over fysisk aktiv læring i eigen undervisningspraksis
- kan legge til rette for eit variert, motiverande og meiningsfylt læringsmiljø
- kan bidra til nytenking og innovasjon rundt pedagogisk tilrettelegging av fysisk aktiv læring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ha starta arbeidet med e-læringa på FALtastisk.no
Undervisnings- og læringsformer
- Arbeid med nettressursar t.d. videoar og litteratur
- Ei fysisk samling ved oppstart av emnet
- Synkrone nettsamlingar (i sanntid)
- Gjennomføring i eigen praksis
- Vurdering og refleksjonsprosessar
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire godkjende innleveringar individuelt og/eller i gruppe.
Første innlevering er eit refleksjonsnotat etter gjennomføring av to tema ved e-læringa på FALtastisk.no. Dei tre følgande innleveringane skal studentane levere inn refleksjonar etter planlegging, gjennomføring og evaluering av ein undervisningsperiode der fysisk aktiv læring er ein integrert del av undervisninga. Som del av denne undervisningsperioden må studenten ta aktiv del i diskusjon og evaluering saman med kollega/medstudentar.
Obligatorisk læringsaktivitet vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal studenten få skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Læringsaktivitane må vera godkjent seinast tre veker før eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve.
Omfang 1200-2000 ord i tillegg til litteraturliste og vedlegg.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel