Hopp til innhald

FLKI8106 Bevegelse, leik og utforsking i barnehagen

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er å auke studentane sin innsikt i samanhengar mellom bevegelse, leik og utforsking og barna si heilskaplege utvikling, læring, helse og trivsel. Sentralt i emnet er utvikling av eigen praksis knytt til arbeid med bevegelse, leik og utforsking i eigen barnehage. Læringsmåla er sentrerte rundt faglege kunnskapar om og ulike perspektiv på bevegelse, leik og utforsking, korleis bevegelse, leik og utforsking kan gi barn ulike erfaringar som fremmar deira heilskaplege utvikling, og korleis barnehagen kan leggje til rette for og integrere bevegelse, leik og utforsking i ulike fagområde. Refleksjon over ulike perspektiv på verdien av bevegelse, leik og utforsking inkludert leiken sin eigenverdi og verdi for læring og helse, samt spenninga mellom planlagt og spontan aktivitet, er også sentralt. Emnet vil vidare vektleggje refleksjon rundt barnehagelærarrolla i høve til korleis ein kan sjå bevegelse, leik og utforsking i samanheng med barnehagen sitt mandat. Emnet vil bygge på autonomi og demokrati som viktige verdigrunnlag, der både personalet (studentane) og barn sin medverknad er føresetnadar for utviklingsarbeid og utforsking av nye tenkjemåtar og aktivitetar i barnehagen. Emnet legg opp til ei kopling mellom teori og praksis, der studentane vil få oppgåver som skal gjennomførast i eigen barnehage. Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen er sentralt i emnet, der kunnskapen studentane utviklar delast i eigen barnehage og driv praksis framover.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har tverrfagleg teoretisk kunnskap om bevegelse, leik og utforsking og ulike perspektiv på korleis desse omgrepa kan forståast
  • har kunnskap om bevegelse, leik og utforsking i eit helse-, lærings-, dannings- og profesjonsetisk perspektiv
  • har inngåande kunnskap om korleis barnehagen kan fremme og integrere bevegelse, leik og utforsking i tråd med styringsdokument for barnehagen
  • har inngåande kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin bevegelse, leik og utforsking
  • kan kritisk reflektere over barnehagelærarrolla og eigen praksis i høve til bevegelse, leik og utforsking
  • kan bruke pedagogisk og didaktisk kunnskap i leik- og læringssituasjonar
  • kan integrere bevegelse, leik og utforsking og fagområda i Rammeplanen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over betydinga av bevegelse, leik og utforsking for barn si helse, utvikling, læring og danning
  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over tiltak for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen
  • er bevisst eiga rolle og barnehagen si rolle for fremming av bevegelse, leik og utforsking
  • kan leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa og utviklingsarbeid i barnehagen

Krav til forkunnskapar

Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning. Tilsette med lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, eller praktisk-pedagogisk utdanning) er og kvalifiserte. Andre tilsette i barnehagane med anna relevant 3-årig bachelorutdanning utan PPU kan søkje opptak. Deltakarane i utdanninga må delta i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet MoveEarly i studieperioden.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil ha fysiske samlingar på høgskulen (Campus Bergen) og nettundervising. Arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesingar, praktisk aktivitet, diskusjon i grupper og sjølvstendig refleksjon. Emnet vil ha obligatoriske læringsaktivitetar knytt til utprøvingsarbeid i eigen barnehage, refleksjon og erfaringsdeling. Emnet vil utvikle studentane sin digitale kompetanse gjennom bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har seks obligatoriske læringsaktivitetar:

Frammøte på og gjennomføring av aktivitetar i forskingsprosjektet MoveEarly. Individuelt.

  • 5 dagar felles undervising og erfaringsdeling
  • 1 personalmøte i eigen barnehage
  • Gjennomføring av utviklingsarbeid i eigen barnehage
  • Utarbeiding av prosjektskisse for eigen barnehage
  • Utarbeiding av didaktisk refleksjonsnotat for eigen barnehage
  • Utarbeiding av prosjektrapport for eigen barnehage

Dei obligatorisk læringsaktivitetane er kopla til læringsutbyta om å ha inngåande kunnskap om korleis ein driv utviklingsarbeid i barnehagen, kunne leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin bevegelse, leik og utforsking, kunne kritisk reflektere over barnehagelærarrolla og eigen praksis i høve til bevegelse, leik og utforsking, kunne planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over tiltak for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, og kunne leie dialogar om faglege utfordringar i personalgruppa og utviklingsarbeid i barnehagen.

Vurderingsform

Praktisk gruppeeksamen. Studentane får ei gruppeoppgåve som skal løysast og presenterast munnleg, med avsluttande samtale.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel