Hopp til innhald

FY400 Innføring i fysikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Kurset dekker mekanikk inkludert sirkulær og rettlinjebevegelse i ein og to dimensjoner med konstant akselerasjon, krefter, newtonlover, energi og arbeid, bevaringslover, potensiell energi, konservative krefter, kollisjonar, bevegelsesmengde, rotasjonsdynamikk, spenning og tøying. Kurset dekker også fysikken til bølger, inkludert svingingar, resonans, interferens, ståande bølger, lydbølger, diffraksjon og refleksjon av bølger. Kurset gir en innføring i radioaktivitet, væskemekanikk og elektriske og magnetiske felt.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane tileignar seg kjennskap om:

  • grunnleggjande lover og bevaringssatsane i mekanikken
  • bølgje-typar og interaksjon med kvarandre
  • elektrisitet, magnetisme og radioaktivitet
  • fluidmekaniske lover

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • rekne på bevegelsen til ein eller fleire punktmassar med konstant akselerasjon, i sirkelbane og ved kollisjon
  • rekne på bølgjer i overgangen mellom ulike medium
  • bruke dei enklaste fluidmekaniske lovane til å rekne på massetransport
  • løyse problemstillingar om varmeoverføring og volumendring
  • løyse problemstillingar med enkel serie- og parallell-krets og radioaktiv stråling
  • løyse problemer knyttet til elektriske og magnetiske felt

Generell kompetanse

Studentane får en grunnleggjande kompetanse i skildring og berekning av fysiske system med omsyn til gjeldande lover.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen  

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

 Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel