HMA804 Leiingsteori innan rehabilitering
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Formålet med dette emnet er å bygge kompetanse på sentrale teoriar knytt til leiing i rehabilitering. Dette inkluderer teoriar knytt til personlege og generelle eigenskapar hjå leiar, og leiarskap basert på prosess og måloppnåing.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- har inngåande kunnskap om leiingsteoriar og bruk av desse i ulike samanhengar
- har inngåande kunnskap om korleis ulike økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle faktorar formar leiingsteori og praksis generelt og i Noreg
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan bruke ulike teoretiske tilnærmingar, analyseverktøy og rammeverk innanfor ulike rehabiliteringskontekster
Generell kompetanse:
Studenten…
- kan identifisere og analysere leiingsfaglege problemstillingar som er relevante for rehabilitering frå ulike perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet består av ei felles samling utanfor HVL sin campus, digitalt kursmateriale og gruppearbeid. I samlinga vil det vere fokus på diskusjon, erfaringsutveksling og kollega-tilbakemelding. Det digitale kursmaterialet består av korte forelesingar, oppgåver du kan bruke til sjølvstudium og tekstar. I gruppearbeidet skal studentane jobbe saman i eit innovasjons-eller endringsprosjekt i kommunen eller på arbeidsplassen. Studentane får rettleiing og tilbakemelding på oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Oppgåve
Skriftleg, individuell oppgåve med rettleiing, 1500 ord 0+/- 10%.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen kan studenten levere ei bearbeida oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel