IDF102 Idrett og samfunn
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Idrett og samfunn handlar om å forstå idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv som sosiale og kulturelle fenomen. Studenten skal tileigne seg denne kunnskapen med utgangspunkt i idrettshistorie, idrettssosiologi og idrettsfilosofi.
Idrettshistorie:
- Idrett, friluftsliv og helse i historisk perspektiv frå ca. 1850 og fram til i dag
Idrettssosiologi:
- Norsk idretts organisering, sport og media, kropp, identitet og fysisk aktivitet, helseomgrepet, friluftsliv - stabilitet eller endring?
Idrettsfilosofi:
- Etikk, moral og fair play
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv som sosiale og kulturelle fenomen
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innan idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over og drøfte idrettshistoriske, idrettssosiologiske og idrettsfilosofiske problemstillingar og gjere greie for sine val
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knyte dette til ei problemstilling
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for sentrale trekk i historia om norsk idrett
- kan gjere greie for sentrale idrettssosiologiske tema
- kan gjere greie for etiske perspektiv innan idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld teoretiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Kafedialog som inkluderer eit skriftleg gruppearbeid med påfølgjande presentasjon
Denne læringsaktiviteten er knytt opp mot læringsutbytte kring refleksjon og drøfting av idrettshistoriske, idrettssosiologiske og idrettsfilosofiske problemstillingar.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, 5 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel