IDF303 Gruppetreningsinstruktør
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
- Gjennomføring og rettleiing av ulike gruppetimar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne. Eksempelvis tabata, HIIT, mobilitet/yoga, step, styrke med stang. senior/lavterskeltimar, boot camp og spinning.
- Instruktørrolla- rettleiing, coaching og øvingsbilete
- Intensitetsstyring- tilpasse intensitet retta mot ulike målgrupper
- Treningslære retta mot gruppetrening
- Innføring i musikkanalyse og bruk/verknad av musikk på ulike timar
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om treningslære innanfor uthald, styrke og skader i sal relatert til gruppetrening
- har kunnskap om ulike motivasjons- og kommunikasjonsverktøy samt rettleiing
- har kunnskap om intensitetsstyring
- har kunnskap om musikk som verkemiddel på gruppetimar
Ferdigheiter:
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike typar timar med fokus på styrke, uthald, koordinasjon og rørsleevne ute og inne for ulike målgrupper
- kan motivere og rettleie deltakarar til funksjonell og effektiv trening
- kan legge til rette for ulike målgrupper i ein og same time, og på ulike gruppetimar
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for gode treningsopplevingar
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere ulike typar gruppetimar
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid samt praktiske gruppetimar ute og inne. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. mellom anna knytt til praktiske oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Oppmøte og aktiv deltaking i all praktisk undervisning
2. Læringsaktivitet knytt til vers/refreng og blokkmetodikk
Studenten skal planlegge ein gruppetime på 20 minutt og gjennomføre 10 minutt av desse i sal. Særskilt fokus er øvingsbilete og verbal/ nonverbal kommunikasjon samt forståing for valt metodikk.
3. Læringsaktivitet knytt til intensitetsstyring.
Studenten skal planlegge ein gruppetime i sal på 45 minutt med valfri intensitet, der 10 minutt er sett av til gjennomføring. Særskilt fokus er instruktørrolla, kommunikasjon, bruk av musikk og organisering av gruppa.
4. Læringsaktivitet knytt til styrketrening i sal
Studenten skal planlegge ein styrketime i sal på 45-60 minutt med valfri organisering og bruk av utstyr. Det skal gjennomførast 10 minutt av timen der særskilt fokus er introduksjon av eigen time, instruksjon av øvingar (teknikk) og øvingsbilete. Studenten skal også skrive eit refleksjonsnotat om seg sjølv som instruktør.
Vurderingsform
Individuell praktisk eksamen med munnleg eksaminasjon, inntil ein time.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Studenten kan ha med eksamensoppgåva (eigen planlagte gruppetime) på eksamen.
Meir om hjelpemiddel