IDF305 Natur og psykisk helse
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Dette emnet har fokus på friluftsliv og naturoppleving i eit helseperspektiv. Sentralt i emnet er forsking og refleksjonar som belyser kvifor og korleis natur, naturopplevingar og friluftsliv kan være nyttig for helsa vår. Sentrale spørsmål er korleis friluftsliv kan nyttast som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet. Sentralt er også relasjonen menneske og natur der verdien av natur og berekraftig livsførsel vil være aktuelt å belyse.
Ekskursjonar:
- overnattingstur over 3 dagar med fokus på sporlaus ferdsel og hausting frå naturen
- 3 dagsturar i nærmiljøet med årstida haust som tema
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om vitskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet
- har kunnskap om naturen og naturopplevinga si betyding og i eit helseperspektiv
- har kunnskap om pedagogiske og didaktiske arbeidsmetodar anvendt i friluftsliv
- har kunnskap om friluftslivsaktivitetar knytt til haust som årstid samt litt om planteartar og vegetasjonstypar i regionen
Ferdigheiter
Studenten
- har ferdigheiter til å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i friluftsliv for personar med ulik motivasjon og erfaring
- kan planlegge å gjennomføre trygge og gode dagsturar og overnattingsturar der sporlaus ferdsel og opphald på naturens premisser står sentralt
Generell kompetanse
Studenten
- skal kunne reflektere om kvifor og korleis natur og friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring/danning
Krav til forkunnskapar
Fullført 60 studiepoeng friluftsliv, idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv, barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant utdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid og praktisk undervisning. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til turplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Sammendrag og presentasjon av artikkel. Læringsaktiviteten er knytt opp til læringsmålet: har kunnskap om vitskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet
- Turplan med turgjennomføring og turlogg er knytt til læringsmål: har ferdigheiter til å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i friluftsliv for personar med ulik motivasjon og erfaring
- Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studentane i praktisk undervisning og med eksterne forelesere frå praksisfeltet. Dette er knytt til læringsmål om at studentane skal få kunnskap om å reflektere rundt korleis og kvifor friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring og/eller danning blant ulike brukargrupper.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 30 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Som forarbeid blir det gitt caseoppgåve i grupper på 3-4 studentar som leverast inn i forkant av eksamen (eige skriv). På eksamensdagen vil eksamen være delt i to, der ein del omhandlar case oppgåva og den andre delen omhandlar andre delar av pensum.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel