Hopp til innhald

IDF306 Fordjupning klatring

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Gjennom emnet skal studentane utvikle kunnskap og forståing om sportsklatring og buldring. Studenten skal lære om sikringsmetodar og "metodesettet" for sportsklatring ute og inne. Fordjuping klatring vil gjennomgå teori og praksis som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av klatreøkter. Ved å fokusere på trenar/lærar/instruktørrolla vil studenten få øving med å rettleie klatrarar til ferdigheitsutvikling i klatring. Studentar som oppflyller kravene til Norges Klatreforbund (NKF) får tilbod om å ta Klatreinstruktør Inne kurs og kan holde grunnkurs inne og gjennomføre "brattkort prøver." Emnet kvalifiiserar også som undervisnings delen til NKF Trenar 1. Det er ogå moglegheit til å ta Norsk Fjellsportforum (NF) sitt sportklatreinstruktør for dei som blir prekvalifisert hos NF.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om å planlegge gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
  • har kunnskap om å trene barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
  • har kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute
  • har kunnskap om krav til trenargodkjenning hos Norges Klatreforbund (NKF) og hos Norsk Fjellsportforum (NF)

Ferdigheitar

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
  • kan planlegge og gjennomføre klatreøkter med barn, unge og vaksne i forhold til ferdigheiter som teknikk, styrke og uthald i klatreanlegg
  • kan planlegge og gjennomføre NKF «grunnkurs inne» og gjennomføre «brattkort prøver»
  • kan nytte klatrefelt ute på ein trygg måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne
  • være NKF Klatreleder Inne instruktør på innføringskurs inne
  • kan gjennomføre Topptaukort- og Brattkortprøver
  • kunne trygt nytte sportsklatrefelt ute

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng friluftsliv, idrett, natur- og opplevingsbasert reiseliv eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

  • Studenten må inneha brattkort.
  • Ein må ha klatra eitt år for å kunne ta NKF Klatreleder Inne instruktørkurset.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar, individuelle oppgåver, gruppearbeid, framlegging og praktiske klatreøkter. Teoretisk lærestoff blir integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. I trener 1 kurset er det lagt opp til at studenten får vere med ei gruppe frå barne-og ungdomsklatringa til Sogndal Klatreklubb to ganger. Deltaking føreset at studenten er førebudd med omsyn til turplanlegging, teoretisk pensum og nødvendig utstyr.

Ekskursjon:

  • Sportsklatring ute, 2 dagar
  • *NF Sportsklatreinstruktør kurs, 2 dagar

*Dersom studenten er NF prekvalifisert får dei tilbod om NF sportklatreinstruktør kurs

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar, knytt til læringsutbytte om å ha kunnskap om korleis ein gjennomfører trygg sportklatring på klatrefelt ute
  • Deltaking på NKF Klatreinstruktør Inne, knytt til læringsutbytte om å kunne planlegge og gjennomføre gruppeaktivitetar på inne klatrevegg og i buldrevegg på ein trygg måte
  • Eit skriftlig individuelt arbeid, knytt til læringsutbytte om å kunne organisere klatring som aktivitet innandørs for barn, ungdom og vaksne

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for alternative arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell skriftleg eksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel