INT511 Fysiologi, patofysiologi og farmakologi ved akutt og kritisk sjukdom
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet legg vekt på inngåande forståing av fysiologi og patofysiologi ved akutt og kritisk sjukdom, inkludert postoperative forlaup og smittevern. Farmakologi ved akutt og/eller kritisk sjukdom utgjer ein sentral del av emnet. Emnet omhandlar vidare intensivsjukepleiaren sitt ansvar i det tverrprofesjonelle teamet ved organdonasjon og ved beredskaps- og krisehandtering.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
• har inngåande kunnskap om organsystema sin fysiologi, og patofysiologi med særleg relevans for akutt og/eller kritisk sjukdom hos pasientar i alle aldrar
• har inngåande kunnskap om farmakologi, antibiotikabruk og resistensutvikling ved akutt og/eller kritisk sjukdom som er relevant for utøving av intensivsjukepleie
Ferdigheiter:
Studenten…
• kan analysere teikn og symptom på endring i akutte, komplekse pasientsituasjoner
Generell kompetanse:
Studenten…
• Kan sjølvstendig nytte kunnskapar om fysiologiske og patofysiologiske prosessar som kan bidra til observasjons- og vurderingskompetanse i intensivsjukelpleie
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bestått emne INT510: Intensivsjukepleie som fag og profesjon
Undervisnings- og læringsformer
Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesning, Virtual reality (VR), caseoppgåver, gruppearbeid med framlegg og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen: Deltaking i arbeidsgrupper med framlegg
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen
Omfang på 3 timar.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel