Hopp til innhald

INT512 Klinisk observasjons-, vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse i intensivsjukepleie

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar intensivsjukepleiaren sitt ansvar for akutt og/eller kritisk sjuke pasientar i alle aldrar og deira pårørande. Ein sentral del av emnet er ei heilheitleg observasjon- og vurderingskompetanse ut frå intensivmedisinske, pasient- og familiesentrerte tilnærmingar. Avgjerds- og handlingskompetanse basert på ei kritisk og analytisk vurdering av kva pasientar treng av førebyggande-, helsefremjande-, behandlande-, lindrande- og rehabiliterande intensivsjukepleie blir vektlagt. Emnet omhandlar intensivsjukepleia si rolle i å involvere, kommunisere og samhandle med pasientar, pårørande og andre profesjonar under og etter eit intensivopphald.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

• har avansert kunnskap om akutte sjukdommar og behandling hos aktuelle pasientgrupper

• har inngåande kunnskap om smertelindring, palliasjon, innskrenking av behandling

• har inngåande kunnskap om legemiddelhandtering som er relevant for utøving av intensivsjukepleie

• har avansert kunnskap om fysiske og psykiske langtidsverknader etter intensivopphald

• har avansert kunnskap om barn som pasientar eller pårørande med deira særeigne behov og rettar

• har inngåande kunnskap om kommunikasjonsverktøy og kva som fremjer og hemmar tverrprofesjonell samhandling

• har avansert kunnskap om kommunikasjon, helsepedagogikk og tilpassa informasjon til kritisk sjuke pasientar og deira pårørande i alle aldrar

• har avansert kunnskap om lover og forskrifter knytt til bruk av medisinsk utstyr og digitale verktøy som er relevante for yrkesutøvinga

 

Ferdigheiter:

Studenten…

• kan analysere pasienten og pårørande sin helsekompetanse og bruke dette som verkemiddel i kommunikasjon for å fremje brukarmedverknad og tilpassa tenester

• kan kritisk bruke ulike i kartleggings-, vurderings- og dokumentasjonsverktøy i utøvinga av intensivsjukepleie

 

Generell kompetanse:

Studenten…

• kan analysere, kritisk vurdere og reflektere over samhandling og kommunikasjon som kan påverke pasientforlaupet og/eller arbeidsmiljøet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bestått emne:

INT510: Intensivsjukepleie som fag og profesjon

INT511: Akutt og/ eller kritisk sjukdom, fysiologi, patofysiologi i intensivsjukepleia

Undervisnings- og læringsformer

Varierte undervisnings- og læringsformer blir nytta, med forelesing, gruppearbeid, caseoppgåver,  digitale læringsformer og ei veke simuleringsbaserte læringsaktivitetar 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Medikamentrekningstest

2. Ferdigheitstrening i elektromedisinsk utstyr (EMU)

3. Simulering

Godkjent obligatorisk arbeidskrav er gyldig i dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen

Omfang på 6 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel