JU6-1002 Skatte- og avgiftsrett 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Innhald:
- Formuefastsetjing i næringsversemd
- Fastsetje skattepliktig inntekt og frådragsberettiga kostnadar i næringsverksemd
- Utrekning av skatt for enkeltpersonforetak (EPF), ansvarleg selskap (ANS) og aksjeselskap (AS)
- Omdanning frå EPF til AS
- Overdraging av verksemd
- Likvidasjon av verksemd
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om skatte- og avgiftsreglar knytt til næringsverksemd
- har kjennskap til kva transaksjonar og hendingar knytt til eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattelegging
- har kunnskap om skattemessig verknad av opphøyr og likvidasjon av verksemder
- har kunnskap om fastsetting av formue for ikkje-børsnoterte aksjar og andelar i ansvarlege selskap
- kjenner til hovudprinsippa for fastsetting av inngangsverdi for eigedeler frå gåve eller arv
- har kunnskap om skatteplanlegging
Ferdigheitar:
Studenten kan
- avgjere kva som er skattepliktige inntekter, kostnader med rett til frådrag, samt gjera korrekt tidfesting av postane for utrekninga av alminneleg inntekt i næring.
- rekne ut skatt for personelg selskap (EPF), ansvarleg selskap (ANS), og aksjeselskap (AS)
- fastsette grunnlag for skattelegging av aksjonærar (Aksjonærmodellen og Fritaksmetoden), deltakarar i ansvarlege selskap (Deltakarmodellen) og innehavar av enkeltpersonføretak (Føretaksmodellen)
- skattemessig handsame omdanning frå EPF til AS
- vurdere skattemessige verknadar ved overdraging av verksemd
- gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging
Generell Kompetanse
Studenten kan
- tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
- formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsle med andre fagpersonar
- sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
Krav til forkunnskapar
Sjå tilrådde forkunnskapskrav
Tilrådde forkunnskapar
JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1, JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigedomsmeklarar eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege innleveringar som skal løysast individuelt eller i gruppe. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lover, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmansrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna).
Kalkulator.
Meir om hjelpemiddel