JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane forståing for korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder generelt, og særleg i helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse
Kunnskap
- Ha god kunnskap om dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
- Ha innsikt i internkontroll som metode.
Ferdighet
- Kunne sakshandsame juridiske problemstillingar innafor eige praktiske ansvars- og arbeidsområde i sektoren
- Ved delegering kunne leie og rettleie andre i sakshandsaming
Generell kompetanse
- Ha grunnleggande forståing for forvaltningsretten sine rettsreglar generelt, for arbeidsrett, samt dei sentrale rettsreglane for eigen sektor og fagområde spesielt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Praktisk oppgåve i forvaltningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 600 - 1200 ord).
- Praktisk oppgåve i helse- eller utdanningsrett med individuell tilbakemelding (omfang 750 ord).
Vurderingsform
Heimeeksamen - 10 dagar. Individuelle svar på utlevert oppgåvetekst. Omfang 3000 - 3500 ord.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Karakterskala A - F der F er "ikkje greidd".
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tilatne.
Meir om hjelpemiddel