LKBD401 Leiing og kulturkompetanse i barnehagen
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet har eit særleg fokus på personalet i samanheng med barns livsvilkår knytt til sosial og kulturell variasjon. Dette inkluderar mellom anna migrasjon, minoritets- og majoritetsperspektiv, makt, leiing og etisk og kritisk refleksjon knytt til kulturelt mangfald. Eit lærande og endringsfokusert personale med bevisstheit kring tilhøyrigheit, inkludering og identitet kan ivareta sosial og kulturell bærekraft i barnehagen.
Emnet er knytt til følgjande tre områder, som bygger på nasjonal og internasjonal forskning:
- Verden i barnehagen - livssyn, religion, ulikskap og individuelle føresetnader
- Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og haldningsarbeid som leiar i eit personale
- Danning og interkulturell kompetanse knytt til den fleirkulturelle barnehagen
Kunnskapsbasen bygger på faga pedagogikk, samfunnsfag og RLE.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om omsorg og makt, medverknad, likeverd og mangfald i demokratiske prosessar knytt til barn, foreldre- og personalsamarbeid
- har kunnskap om interkulturell kompetanse og interkulturell kommunikasjon
- har kunnskap om komparative perspektiv på sosialisering og ulike oppdragelsesideal, samt forskjellane mellom kulturforståing og kulturalisering, knytt til foreldresamarbeid
- har kunnskap om filosofiske og etiske problemstillingar knytt til samfunnet på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå
- har kunnskap om organisasjonsteori, organisasjonskultur, den mangfaldige barnehagen som lærande organisasjon og kan ta denne kunnskapen i bruk i høve eigen leiarrolle
Ferdigheiter
Studenten kan
- Reflektere over filosofiske, etiske, religiøse og kulturelle problemstillingar i barnehagen
- Identifisere og reflektere rundt ulike maktforhold i den fleirkulturelle barnehagen
- Kan sjølvstendig og i lag med andre planlegge og setje i gang bevisstgjeringsprosessar knytt til personalet sine haldningar til mangfald, og setje i gang endringsprosessar knytt til tverrkulturell kompetanse
- Praktisere og leie fleirkulturelt foreldre- og personalsamarbeid
- Praktisere og leie det pedagogiske arbeidet med bevisstheit kring ulikskap som utfordring og mulegheit, knytt til inkluderande omsorgs-, leike- og språkmiljø
Generell kompetanse
Studenten
- Kan analysere og vurdere etiske dilemma ut i frå barnehagen sitt verdigrunnlag og samfunnsmandat
- Reflektere over barnehagen som ein arena for kultur- og religionsformidling, verdiar og danning. Samt sjå barn sin oppvekst i eit samfunn i endring
- Er kritisk reflekterande til eigne verdiar, normer og handlingspraksis
- Kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla knytt til den fleirkulturelle barnehagen som lærings- og inkluderingsarena
- Kan leie haldningsskapande arbeid med personalet i barnehagen og knytt til samarbeid med heimen
Krav til forkunnskapar
Emnet SRLE201/SRLE202/SRLED301 må vere bestått
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga i emnet kan bestå av førelesingar, seminar, gruppediskusjonar og andre obligatoriske og studentaktive læringsformer, både individuelt og i grupper.
Praksis blir gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis i BBLDPR401 ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærerutdanninga.
Obligatorisk læringsaktivitet
Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane vil bli gitt ved semesterstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytta til læringsutbytta i emnet.
- Godkjent obligatorisk deltaking, minimum 80%, knytt til samarbeid, kommunikasjon og læring saman med medstudentar.
- Individuell oppgåve knytt til omsorg, makt, medverknad og likeverd i den mangfaldige barnehagen
- Individuell oppgåve knytt til planlegging og leiing av utviklings- og endringsprosessar
- Gruppeoppgåve knytt til kritisk refleksjon rundt makt og etiske utfordringar
- Gruppeoppgåve knytt kritisk refleksjon og erfaringar med leiing og endringsprosessar i den mangfaldige, lærande barnehagen
Dei obligatoriske læringsaktivitetane vurderes til godkjent/ikkje godkjent. Dersom ikkje godkjent, får student eit nytt forsøk. Alle oppgåvene må vere godkjende seinast 2 veker før eksamen.
Vurderingsform
Individuell skriftleg prosjektrapport.
Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Ved ikkje bestått (F) kan studenten levere omarbeidd tekst ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel