Hopp til innhald

LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksisemnet er ein obligatorisk del av utdanninga. Studentane skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen og retningslinjene for praksisstudiet på nettsida for praksis.

Praksisen føregår på hausten (1. semester) og våren (2. semester) på trinn 1.-10. i grunnskulen, totalt 40 arbeidsdagar.

Praksisen vert organisert på følgande måte: 20 dagar haust og 20 dagar vår, med eit praksisførebuande møte i starten av kvar periode. Studentane er på forskjellege praksisskular dei ulike periodane. Første veka haust og vår er fem dagar observasjonspraksis, resten er punktpraksis, to dagar i veka.

I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte.

Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga, med vekt på kroppsøving
  • har kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
  • har kunnskap om læraren sin rolle som kulturformidlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan aleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø
  • kan legge til rette for utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter i arbeidet med kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv i kroppsøvingsfaget
  • har innsikt i grunnleggande ferdigheiter sin betydning for læring av fag og elevane si forståing av fagkunnskap
  • kan ivareta krava til helse, miljø og sikkerheit i undervisninga

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Skriftlege innleveringar der studenten skal vise kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga, og at studenten skal kunne drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv.
  • Studenten skal lage planleggingsdokument åleine eller i samarbeid med medstudentar, når studenten har ansvar for ei undervisningsøkt. Praksislærar skal få dokumentet i god tid, slik at studenten kan få rettleiing før undervisningsøkta.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Obligatorisk 40 dagar rettleia og vurdert praksis.

To delvurderinger: bestått/ikkje bestått.

- praksis haust 20 dagar grunnskule

- praksis vår 20 dagar grunnskule.

Begge delane må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Samla sluttkarakter vår: bestått/ikkje bestått.

Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel