LUPEKP400 Praksis 4.år kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet blir gjennomført i vidaregåande opplæring.
Praksisen føregår i vidaregåande opplæring hausten (7.semester) og vår (8.semester), totalt 25 arbeidsdagar. Praksis i kulturskule eller anna opplæring og formidling knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vakse kan erstatte deler av praksis i grunnopplæringa.
I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøta og lærar/personalmøte.
Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga (musikk/kroppsøving og idrettsfag)
- har inngåande kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid
- har inngåande kunnskap om læraren sin rolle som kulturformidlar
Ferdigheiter
Studenten
- kan aleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i vidaregåande opplæring ut frå nasjonale styringsdokument
- kan bruke eit breitt utval av arbeidsmåtar og læremidlar i undervisninga og på ulike læringsarenaer
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan analysere og vurdere relevante og faglege etiske problemstillingar og gjennomføre relevante tiltak
- kan vurdere og kritisk reflektere over eigen lærarkompetanse og eige læringsbehov, og kan bidra til nytenking om profesjonsutøving
Krav til forkunnskapar
- LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP300 Praksis 3.år kroppsøving og idrettsfag
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Oppmøte knytt til læringsutbytte der studenten kan aleine eller saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i vidaregåande opplæring ut frå nasjonale styringsdokument- og kan bruke eit breitt utval av arbeidsmåtar og læremidlar i undervisninga
- To skriftlege innleveringar der studenten skal vise avansert kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga (musikk/kroppsøving og idrettsfag)
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for arbeidskravet gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Praksis, 25 dagar.
Karakterskala bestått / ikkje bestått.
Dersom ein student blir vurdert til ikkje bestått har vedkommende rett til eit (1) nytt forsøk, jfr. Forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Forenkla sluttvurdering blir gitt etter at praksisperioden er gjennomført. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel