LUPEKP500 Praksis 5.år kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet blir i grunnskulen eller vidaregåande opplæring. Fagval, innretning og tematikk i masteroppgåva bestemmer praksis. Praksisen skal vere prosjektbasert.
Praksisen føregår i grunnskulen eller vidaregåande opplæring på hausten i 9.semester (fagval og tematikk i masteroppgåve avgjer), totalt 15 arbeidsdagar. Praksis i kulturskule eller anna opplæring og formidling knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vakse kan erstatte deler av praksis i grunnopplæringa.
I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøta og lærar/personalmøte.
Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga (musikk/kroppsøving og idrettsfag)
- Har inngåande kunnskap om læraren sin rolle, rettigheiter, og plikter og om lærearbeidet på organisasjonsnivå, mellom anna om kontaktlærar sitt arbeid og ansvar ovanfor elev, heim og profesjonsfellesskap
- har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon og lokale, regionale og nasjonale kvalitetssystem
- har inngåande kunnskap om FoU-arbeid i skulen
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke ulike vurderingsmåtar for å fremje læring, elevmedverknad og lærelyst
- kan bruke erfaringsbasert praksis saman med forskingsbasert kunnskap om elevane si utvikling og bakgrunn som utgangspunkt for læring og tilpassa opplæring
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere FoU-arbeid knytt til praksis
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet
- kan ivareta krava til helse, miljø og sikkerheit innan musikk/kroppsøving og idrettsfag og i lærarprofesjonen elles
Krav til forkunnskapar
- LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP300 Praksis 3.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP400 Praksis 4.år kroppsøving og idrettsfag
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Oppmøte. Knytt til læringsutbytte der studenten kan planlegge, gjennomføre og vurdere FoU-arbeid knytt til praksis
- To skriftlege innleveringar der studenten viser avansert kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga (musikk/kroppsøving og idrettsfag) og der studenten kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for arbeidskravet gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Praksis, 15 dagar.
Karakterskala bestått / ikkje bestått.
Dersom ein student blir vurdert til ikkje bestått har vedkommende rett til eit (1) nytt forsøk, jfr. Forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Forenkla sluttvurdering blir gitt etter at praksisperioden er gjennomført. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel