LUPEMP200 Praksis 2.år musikk
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. I praksis 2. studieår vektlegg ein lærar og elevrolla i ulike opplæringskontekstar, mangfald og læringsfremjande vurdering. Studenten skal ta meir sjølvstendig ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, men og som aktiv observatør i ulike praksiskontekstar.
Praksis skal dette studieåret tilsvare 30 dagar praksis. Praksisen vert gjennomført på fleire arenaer og er fordelt mellom haust (3. semester) og vår (4. semester). Det vert vektlagt at praksisen skal vere rettleia, vurdert og variert.
I haustsemesteret vert praksisen gjennomført hovudsakleg på grunnskulen sitt ungdomstrinn, medan ein i vårsemesteret gjennomfører praksis innanfor fritidsmusikklivet og vidaregåande opplæringsarenaer. Praksisen er fordelt på 4 delpraksisar.
Haust:
- 15 dagar samanhengande praksis ungdomstrinn (5 dagar observasjon + 10 dagar undervisningspraksis)
Vår:
- 5 dagar samanhengane observasjon/undervisningspraksis i folkehøgskule
- 5 dagar samanhengande observasjonspraksis av undervisning i vidaregåande skule på utdanningsprogrammet musikk, dans og drama (eller valfag innan musikk)
- 15 timar punktpraksis observasjon/undervisning i ensemble innan fritidsmusikklivet
I løpet av praksisperiodane 2. studieår skal studentane:
- Vidareutvikle eigen profesjonsidentitet og relasjonskompetanse
- Sjølvstendig og saman med andre planlegge, grunngje, gjennomføre og vurdere leiing og opplæring i musikk
- Utforme skriftlege planar for eiga undervisning/leiing
- Formulere mål for opplæringa, vurdere elevar si måloppnåing, samt gi både skriftlege og munnlege tilbakemeldingar til elevar
- Leie og observere gruppeprosessar, kommunikasjon og samhandling i ulike læringsmiljø og i samtale med praksislærar og medstudentar reflektere over elevvariasjon og læringsmiljø
- Gjere seg kjend med ulike musikkpedagogiske praksisar; kva som kjenneteiknar og skil desse frå kvarandre og reflektere over korleis dette påverkar rolla som lærar
- Planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i eit læringsfellesskap prega av mangfald
- Gjere seg kjend med retningslinjer for praksis 2. studieår
I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte.
Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. I vårsemesteret må ein pårekne praksis på kveldstid, då dette er ein viktig del av praksisen sin eigenart. Praksisarenaene kan vere spreidd over eit stort geografisk område, og studentane må vere førebudd på noko reising. I nokre av praksisperiodane må studentane rekne med å bu på praksisstaden, då avstanden er for stor til å pendle. Ein må pårekne utgifter til reising/ekstra bustad jfr HVL sitt reglement for utgifter i samband med praksis.
Det er krav om 100% oppmøte i praksis; dette inkluderer all praksis på praksisstaden, seminar, rettleiing, etterarbeid, eiga førebuing og praksisførebuande møte. Dersom ein ikkje fyller oppmøtekravet vil ein få ikkje-bestått i emnet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten har brei kunnskap om
- læraren si rolle, rettigheiter og plikter og om lærearbeidet på organisasjonsnivå, innanfor både grunnopplæringa, folkehøgskule, vidaregåande opplæring og fritidsmusikklivet
- musikkpedagogiske praksisar som organisasjonar og samfunnsinstitusjonar og skilnadar mellom formelle og uformelle musikkpedagogiske læringsarenaer
- musikkpedagogisk forsking og utviklingsarbeid
Ferdigheiter
Studenten kan bruke
- erfaringsbasert og forskingsbasert kunnskap om elevar si utvikling og bakgrunn som utgangspunkt for læring og tilpassa opplæring
- ulike vurderingsmåtar for å fremje læring, elevmedverknad og lærelyst
Generell kompetanse
Studenten kan
- drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- reflektere over eigen og andre sin praksis i lys av teori og forsking
Krav til forkunnskapar
LUPEMP100 Praksis 1.år musikk
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Obligatorisk læringsaktivitet
-
Vurderingsform
Praksis, 30 dagar obligatorisk praksis, rettleia og vurdert, 4 delpraksisar (100% oppmøtekrav)
4 delvurderingar: bestått/ikkje bestått.
Haust
- P1: 15 dagar praksis ungdomstrinn
Vår
- P2: 5 dagar folkehøgskulepraksis
- P3: 5 dagar vidaregåandepraksis
- P4: 15 timar praksis ensembleleiing innan fritidsmusikkliv
Alle delpraksisar må vere bestått for å få bestått emnet. Ved ikkje bestått på ein delpraksis, kan denne takast opp att aleine.
Samla sluttkarakter vår: bestått/ikkje-bestått
Vurderinga er ikkje etterprøvbar. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studentane sin studieprogresjon. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel