Hopp til innhald

MAS160 Mekanikk og fastleikslære

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Studentane skal få innsikt i og forståing for grunnleggande lover og prinsipp i statikk i tre dimensjonar, og fastleikslære.

Statikk i tre dimensjonar: Kryssprodukt og moment, fri lekam-diagram, likevekt for krefter og moment. Statisk bestemte konstruksjonar i tre dimensjonar. Tyngdepunkt, flaters første og andre arealmoment. Virtuelt arbeid for stive lekamar.

Fastleikslære: Hookes lov, strekkprøving, elastisk og plastisk deformasjon i materialar. Spenningar på grunn av aksialkraft, skjerkraft, bøyemoment. Kraft og momentdiagram. Mohrs sirkel. Statisk ubestemte konstruksjonar. Bøyingsdeformasjonar og knekking.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande kvalifikasjonar:

Kunnskapar

  • Identifisera og berekna krefter og moment i enkle, mekaniske konstruksjonar i tre dimensjonar.
  • Identifisera og berekna mekaniske eigenskapar i konstruksjonsmaterialar.
  • Identifisera og berekna spenningar og deformasjonar i mekaniske konstruksjonar i tre dimensjonar.

Ferdigheiter

  • Skildra krefter som verkar på konstruksjonar i tre dimensjonar.
  • Analysera spenningstilstand i enkle konstruksjonar i tre dimensjonar.
  • Berekna utbøying i enkle konstruksjonar
  • Kan dimensjonera enkle, mekaniske konstruksjonar basert på sikkerheitsfaktor.

Generell kompetanse

  • Reflektera over eigen fagleg utøving.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAS144 Materialar og tilverking, 10 sp., eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekneøvingar, rettleiing, laboratorieøvingar, innleveringar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjente innleveringar

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timer.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer "ikkje bestått".

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator

Meir om hjelpemiddel