Hopp til innhald

MAS161 Maskinkonstruksjon og automatisering

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Konstruksjonsmetodikk, dimensjonering og val av: maskinelement, sveising, skrueforbindelsar, pressforbindelsar, aksler, lager, tannhjul, reimer, sensorar og pneumatikk med omsyn til automatisering og robot som maskinelement. Bruk av 2D og 3D DAK-programmer i teikning, utrekning og simulering.

Prosjektoppgåve, utviklingsmøte med rettleiaren, metodisk utviklingsprosess til fullstendig utvikla og berekna løysing som er dokumentert i prosjektteikningar (samanstilling, produksjonsteikningar, styklister, bestillingsteikningar) og ein rapport som beskriv utviklingsprosessen.

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten:

  • Kan gi døme på dei viktigaste maskinelementa og viktige  elektromekaniske og pneumatiske element og sensorar som inngår i ei automatiseringsløysing.
  • Kan gjera greie for korleis desse elementa kan brukast i ulike maskiner.
  • Har kunnskapar om dimensjonering og styrkeberekning av maskindelar.
  • Har kunnskapar om prinsipp for gjennomføring av maskintekniske prosjekt og dokumentasjon av brukt metodikk.
  • Har kunnskapar om avansert bruk av modellering, simulering og teikning av samansette konstruksjonselement, ved bruk av 2-D og 3-D teikningsprogram i dokumentasjon og simulering.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Velja, dimensjonera og berekna styrke til ulike maskinelement.
  • Namngi ulike maskinelement.
  • Velja rett produksjonsmetode i eit gitt tilfelle.
  • Modellera, simulera, teikna og berekna avanserte konstruksjonar i 2-D og 3-D.
  • Bruka konstruksjonsmetodikk for å finna løysingar i samband med prosjektoppgåver, og dokumentera desse i ein rapport.
  • Gjennomføra utviklingsmøte og presentera og argumentera for valde løysingar.

Generell kompetanse 

Studenten:

  • Har kjennskap til konstruksjonsmetodiske innovasjonsprosessar,  frå kravspesifikasjon og idégenerering til ferdig dokumentasjon.
  • Kan skapa grunnleggande samanhengar mellom funksjonsskildringar, fysikalske prinsipp og praktiske løysingar.
  • Kan arbeida med praktiske prosjektarbeid i grupper.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAS160 Mekanikk og fastleikslære

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, utviklingsmøte, innleveringar, konstruksjonsprosjekt

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjente innleveringar

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg skuleeksamen, 3 timar,  tel 60 % på endeleg karakter.

Del 2: Prosjektoppgåve, Gruppeoppgåve med 2-3 studenter, tel 40 % på endeleg karakter.

Begge delane må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til «ikkje bestått».

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg eksamen:

Alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tillate. Alle kalkulatormodellar er tillate.

Prosjektoppgåve:

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel