Hopp til innhald

MGBKØ501 Kroppsøving 3, emne 1 - Vitskapsteori, fag og metode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane lære om vitskapsteoretisk og forskningsetiske refleksjonar og val, og se samenhengar mellom desse. Sentralt står det å forstå og kunna bruke ulike forskningsmetodar. Og studentane skal arbeide med å utvikla og grunngje problemstillingar relatert til kroppsøving og det å vere lærar i grunnskolen.

I emnet gis det eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike vitskaplege perspektiv og teoriar og deira relevans for kroppsøvingsforsking generelt og forskingsmetodiske tilnærmingar spesielt. Kritisk, kroppsøvingsfagleg og etisk vurdering av forskingslitteratur, tolkingspremiss og framgangsmåtar i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar utgjer ein vesentleg del av emnet.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskapsteori og forskingsetikk
  • har innsikt i ulike forskingsdesign
  • har inngåande kunnskap om utvalde forskingsmetodar
  • har innsikt i samanhengar mellom vitskapleg teori, metode, analyse, etikk og drøfting

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere problemstillingar knytt til profesjonsfag og bruke slik innsikt med tanke på eige forskings- og utviklingsarbeid
  • kan formulera problemstillingar og grunngje korleis desse heng saman med eksisterande kunnskap i kroppsøving og val av forskingsmetodar
  • kan lesa og tolka resultat frå ulike vitskapstradisjonar og med ulik metodetilnærming.
  • kan kritisk vurdera rolla til forskaren i forskinga

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektera kring relevante faglege og etiske problemstillingar
  • kan bidra til fagleg utvikling på den enkelte skule

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført GLU syklus 1 med 60 studiepoeng Kroppsøving gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Alle studentaktive læringsformer krever tilstedeværelse i undervisningen.

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlege innleveringar: ei knytt til forskningsetikk og ei knytt til forskningsmetode.

Obligatoriske læringsaktivitetar vurderast til godkjent/ikkje godkjent.

Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Semesteroppgåve.

Oppgåva skal vere på maksimalt 3500 ord. Det blir gitt tilbod om inntil 45 min rettleiing på utkast til oppgåve. For å få rett til rettleiing må utkast til oppgåve vere levert innan gitt frist.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel