MGBKH201 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytta til gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, material, reiskap og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Material, fargar, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.-7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Undervisninga tar opp skulefaget sin historie fram til i dag og legitimerer det som allmenndannande. Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
- har erfaringsbasert kunnskap om utforskande arbeidsmetodar i materiale og teknikkar
- har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
- har kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor handverk, design, arkitektur og kunst kan tolkast og brukast som utgangspunkt for barn og unge sine skapande arbeid i begynnaropplæringa
- har kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
- kjenner til gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
- kan analysere og formidle mangfaldet i lokal og global kunst- og formkultur
- kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, verkemiddel, materiale, teknikkar og verktøy
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning som språkform og verktøy i skissearbeid og arbeidsteikningar i gitt målestokk
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over korleis skapande arbeid med material utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form-relaterte problem
- har kunnskap om korleis elevmangfald kan nyttast som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- forstår korleis val av materiale, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan reflektere over faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging og læringsorientert vurdering (feks begynnaropplæring og grunnleggande ferdigheiter)
- kan utforske og reflektere over verdien av flerfaglige/tverrfaglige prosjekt og arbeidsformer
- kan reflektere over læringsformer i bruk av digitale verktøy i et undervisningsopplegg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBKH101
Undervisnings- og læringsformer
- Praktisk arbeid på verkstedene, individuelt og i grupper
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/studietur. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- Planlegging og gjennomføring av undervisning ved hjelp av digitale verktøy (profesjonsfagleg digital kompetanse)
- Ei skriftleg individuell oppgåve
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan den aktuelle obligatoriske læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført. Retningslinjer for arbeidet vil liggje føre ved semesterstart.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Mappa består av:
3-4 praktiske arbeid og utprøvingar, prosessdokumentasjon og fagdidaktisk refleksjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel