Hopp til innhald

MGBKØ550 Kroppsøving 3, emne 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Målet med emnet er at studenten skal tileigna seg innsikt og erfaring i å planlegga, gjennomføra og rapportera eit sjølvstendig forskningsarbeid. Arbeidet skal kvalifisere for seinare arbeid med pedagogiske og kroppsøvingsfaglege problemstillingar. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert.

Planlegging, gjennomføring og skriftleg rapportering av eit masterprosjekt under rettleiing.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om å planlegga, legga til rette for, og gjennomføra avgrensa forskings- og utviklingsarbeid
  • har kunnskap om vitenskapsteori, metode og forskningsetikk for kroppsøvingsfaglig forsking
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde knytt til kroppsøving

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruka relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
  • kan avgrensa og gjennomføra eit sjølvstendig forskings- og utviklingsarbeid i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan analysera og forholda seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke dette i forsking og refleksjon kring kroppsøving, begynnaropplæring og skuleutvikling

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruka kunnskap og ferdigheter på nye områder innenfor det kroppsøvingsfaglige feltet
  • kan planlegga, evaluera og revidera undervisning i kroppsøving
  • kan bidra til nytenking og utvikling av lærarprofesjon
  • kan analysera og kritisk vurdera vitskaplege arbeid
  • kan kommunisere om faget til til ulike aktørar og profesjonar

Krav til forkunnskapar

MGBKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid.

Undervisnings- og læringsformer

I emnet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar arbeida med å planlegga, gjennomføra og rapportera frå sin masteroppgave.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske samlingar/seminar der studenten skal førebu og legga fram med utgangspunkt i eige prosjekt og framdrift.

Arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Masteroppgåve.

Retningsliner for masteroppgåva har informasjon om formelle krav til oppgåva.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel