MGBNO503 Norsk 3, emne 3 - Prosjektførebuande emne
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om våren fjerde år. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Emnet skal sikre den vitskaplege forankringa av studenten sitt eige masterprosjekt. I emnet skal studenten utvikle ei reflektert forståing av vitskapsteori, metodologi og akademiske skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet. Emnet skal setje studenten i stand til å vurdere og delta i forskings- og utviklingsarbeid knytt til norsk språk og litteratur, norskdidaktikk og profesjonsutøvinga i faget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert kunnskap om vitskapsteoretiske tema med relevans for det norskdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget
- har avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar
- har inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål
- har inngåande kunnskap om sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet
Ferdigheiter
Studenten
- kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (masteroppgåva)
- kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn, både opp mot eige forskingsprosjekt og profesjonsutøvinga av faget
- kan analysere og drøfte akademiske tekstar frå nasjonal og internasjonal forsking med vekt på metodologi, relevans, argumentasjon og skrivestil
- kan vurdere og reflektere over forskingsetiske sider ved eige prosjektdesign og vise denne innsikta på ein transparent måte
- kan planlegge og gjennomføre undervising som gjev elevar innsikt i kva vitskapleg kunnskap er, og korleis slik kunnskap blir utvikla og formidla
Generell kompetanse
Studenten
- kan med forankring i teori vurdere og bidra til å utvikle norskfaget og norskundervisninga
- kan bidra til formidling og utvikling av forskingsbasert kunnskap på arbeidsplassen
- kan utøve forskingsetisk og yrkesetisk skjønn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGBNO101 Norsk 1, emne 1 Begynnaropplæringa
MGBNO201 Norsk 1, emne 2 Mellomsteget
MGBNO301 Norsk 2, emne 1 Språk, kultur og litteratur 1
MGBNO401 Norsk 2, emne 2 Språk, kultur og litteratur 2
MGBNO501 Norsk 3, emne 1 Litteratur og litteraturdidaktikk
MGBNO502 Norsk 3, emne 2 Språk og språkdidaktikk
eller tilgrensande.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisinga skjer i form av forelesingar og seminar. Ein føreset at studentane arbeider sjølvstendig, stiller godt førebudde til undervisning og deltek aktivt undervegs i studiet. Gjennom semesteret utviklar studenten prosjektskildring for masteroppgåva. Det vert gjeve tilbod om rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skrive eit framlegg til prosjektskildring og kommentere ein medstudent sitt framlegg (skriftleg)
- Halde eit seminarinnlegg (munnleg) om ein norskfagleg metode
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen. Studentar som ikkje har godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Oppgåve, 3000 ord. Prosjektskildring for masteroppgåva etter oppsette kriterium. Ved samskriving skal prosjektskildringa vera 4500 ord.
Språk: Norsk, valfri målform
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel