Hopp til innhald

MGBSA201 Samfunnsfag 1, emne 2 - Innføring i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar for barne- og mellomtrinnet, med særleg vekt på begynnaropplæring, innføring i grunnleggande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på barne- og mellomtrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Innhald i emnet er sentrale tema i kunnskapsområda historie, geografi og samfunnskunnskap. Det vert lagt vekt på korleis studenten ved hjelp av fagdidaktikk kan formidle desse tema i skulen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til begynnaropplæring, tilpassa opplæring, vurdering og arbeid med kompetansemål i samfunnsfag på barne- og mellomtrinnet
  • har kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • har kunnskap om ideologiar, makt og politiske system
  • har kunnskap om konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over planlegging, leiing og vurdering av læringsarbeid som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over didaktiske spørsmål knytt til begynnaropplæringa på barne- og mellomtrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, individuelt arbeid, ekskursjonar og skriftleg arbeide.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord.
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag.

De obligatoriske læringsaktivitetene må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel