MGUKH231 Kunst og handverk 1, emne 2 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 2 gir ein ytterlegare innføring i design, arkitektur og kunst. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike material og medium knytt til gjeldande læreplan for 5.-10. trinn i grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av material og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i material. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.
Studiet førebur studenten på sitt yrke med praktiske øvingar relatert til faget sin vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane sine skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer elevane si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om relevante materiale, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
- har grunnleggande kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor handverk, design, arkitektur og kunst kan tolkast og brukast som utgangspunkt for barn og unge sine skapande arbeid
- har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhørande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
- har kunnskap om korleis ulike medium kan brukast til formidling og faglig oppdatering
- har erfaringsbasert kunnskap om utforskande arbeidsmetodar i faglege tema.
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser
- kan analysere og formidle mangfaldet i lokal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
- kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, ideutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering.
- kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for barn og unge sitt skapande arbeid med material som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- forstår korleis val av materiale, arbeidsformer og tema kan bidra til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUKH131
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid
- Praktisk arbeid på verkstedene, individuelt og i grupper
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar. Det er høve til å søkje om kompensatorisk arbeidskrav for ekskursjonar i samråd med faglærar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i obligatoriske læringsaktivitetar
- Munnleg framlegg i gruppe
- Obligatoriske læringsaktivitet må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan opp til eksamen.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel