Hopp til innhald

MGUKH501 Kunst og handverk 3, emne 1 - Fagdidaktikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet skal bidra til å gi studenten et solid grunnlag for utøving av lærerrolla i kunst- og handverksfaget. I dette emnet skal studenten tileigne seg inngåande kunnskap om fagdidaktikk og utvikle forståing for faget sine problemstillingar. Gjennom studiet skal studenten evne å reflektere over faget i eit samfunnsperspektiv, der ulike syn på danning og utdanning blir problematisert med utgangspunkt i enkeltindivid og samfunn. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om ulike tradisjonar i grunnskulen i kunst og handverk og om samspelet mellom elevens læring og handling i et samfunnsetisk og berekraftperspektiv.
  • har solid kunnskap om fagfeltet si historie og eigenart sett i samanheng med nasjonale og internasjonal utdanningspolitikk.
  • har gjennomgripande kunnskap om korleis skapande arbeid og møter med visuell og materiell kultur kan påverke barn og unge sine liv og val

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere læreplanar og undervisningspraksis i kunst og handverk ut frå relevante teoretiske og faghistoriske perspektiv
  • kan drøfte og reflektere over etiske perspektiv knytt til mellom anna berekraft, kjønn og kulturelt mangfald
  • Kan kritisk anvende nasjonal og internasjonal forsking og eigne erfaringar i arbeid med praktiske og teoretiske problemstillingar
  • Kan nytte avansert fagdidaktisk kunnskap i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i kunst og håndverk.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og strukturere og formulere faglege resonnement.
  • kan reflektere fagleg og delta på ulike arenaer i kommunikasjon om sentrale utfordringar
  • har innsikt i den offentlege skule si rolle som institusjon, med lærarprofesjonen sitt samfunnsbyggjande og dannande mandat

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunst og handverk (60 stp.) i frå Syklus 1 eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Verkstadarbeid, førelesingar, litteraturstudie, forskingsarbeid, prosjekt, seminar og kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar definert på læringsplattform
  2. Gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar. Desse vil ligge tilgjengeleg på læringsplatformen
  3. Munnleg presentasjon av arbeid med masterskisse

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel