MGUKH503 Kunst og handverk 3, emne 3 - Estetikk i praksis og teori
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane ei utvida innsikt ,der teori knytt til erfaringslæring og estetiske læringsprosessar er viktig. Emnet innehelder praktisk undersøkande og teoretisk reflekterande metodar i skapande arbeid. Studentane skal tileigne seg kunnskap om kunst og handverk også forstått som ein fleirkulturell praksis i grunnskulen, og bevisstgjera seg si rolle som verdiformidlarar.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er fortruleg med undersøkande og erfaringsbasert kunnskap og kan kople dette til både nasjonal og internasjonal relevant kunstfagdidaktisk praksis og teori i kunst og handverksfaget
- har avansert kunnskap om estetiske læreprosessar
- har kunnskap om kunst som erkjenningsform og læraren si rolle som kulturformidlar
- har kunnskap om fou-baserte tenkjesett og strategiar for problemløysing i møtet med elevar sitt og eige skapande arbeid
- har inngåande kunnskap om fagrelevante skapande og estetiske estetikkforankra arbeidsformer sett i samanheng med barne- og ungdomskultur
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og vurdere læreprosessar innan skapande arbeid i kunst og handverk og bruke fagspesifikke omgrep og perspektiv
- kan arbeide med praktiske utprøvingar og eksperimentering i ulike materiale og kan anvende teori til å reflektere over og vurdere eigne arbeidsprosessar i faget.
- kan sette erfaring frå eige skapande arbeid i samanheng med fagområdet i skule og samfunn
- kan formidle og uttrykke seg gjennom eit utval av faget sine material og medium
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke strategiar og metodar for kunstfagdidaktisk arbeid individuelt og saman med andre
- kan gjennom eige utforskande og skapande arbeid bidra til nytenking og utviklingsarbeid innanfor og på tvers av faglege samanhengar
- kan anvende og gjera greie for eigen erfaring med estetiske læreprosessar og legge til rette for elevars læring gjennom slike læreprosessar i tverrfaglege kontekstar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fullført syklus 1 i GLU (1-7) /5-10 med 60 studiepoeng i kunst og handverk, av det bestått ei 7,5 studiepoengs fou-oppgåve.
Undervisnings- og læringsformer
I Vestlandsklassa foregår det ei felles nettbasert formidling av teori til alle campus, medan det praktiske arbeidet er knytt til fysisk oppmøte på campusane.
Undervisninga er fou-basert og varierer mellom felles forelesningar og møtepunkt på digitale plattformer, fysisk arbeid i samlingar på campusar, forutan veiledning og studiar av teori frå eit nasjonalt og internasjonalt nivå, både individuelt og i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det krevas aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar, slik dei er definert på læringsplattform
- Det krevas gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar individuelt og gruppevis.
Obligatoriske læringsaktivitetar må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.
Godkjende aktivitetar er gyldig i to semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel