MGUKH550 Kunst og handverk 3, emne 4 - Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I masteroppgåva skal studenten utvikle og behandle ein problemstilling som skal knytas til relevante teoretiske, metodologiske og kunst- og handverksfaglege perspektiv. Oppgåva skal være profesjonsretta og praksisorientert, ha solid forankring i fag og fagdidaktikk, og kan i tillegg omfatte element frå pedagogikk og spesialpedagogikk.
Studenten skal i samarbeid med rettleiar utvikle og gjennomføre eit systematisk og sjølvstendig kunst- og handverksdidaktisk forskningsarbeid. Dette arbeidet skal presenterast i form av et skriftleg arbeid og eventuelt dokumenterast av eige skapande arbeid. Temaet for oppgåva skal være knytt til kunst- og handverksdidaktisk og kunstfagleg teori og fagpraksis i grunnskolen. Masteroppgåva kan være del av eit større forskningsprosjekt ved institusjonen.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet skal ha følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om teori og metode for kunst- og handverksdidaktisk og erfaringsbasert kunstfagleg forskningsarbeid
- har inngåande innsikt i forskningsetiske spørsmål og retningslinjer
- viser inngåande oversikt over det kunst- og handverksdidaktiske fagfeltet, og spesiell innsikt i valde problemområder
Ferdigheter
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig, systematisk og kritisk kunst- og handverksdidaktisk forskningsarbeid
- kan formulere presise forskningsspørsmål
- kan gi ein tydeleg, samanhengande og presis framstilling av eiget forskningsarbeid gjennom eit skriftleg arbeid, framstilt i ein munnleg presentasjon og eventuelt følgd av eige skapande arbeid/ andre medium
Generell kompetanse
Studenten
- viser analytisk og kritisk tenking i val, planlegging, gjennomføring og vurdering av eige forskningsprosjekt
- gir eit sjølvstendig bidrag til det kunst- og handverksdidaktiske fagfeltet
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og gjennom dette bidra til betre fagpraksis i skulen
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
- kan bidra i utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
Krav til forkunnskapar
Bestått FoU-oppgave.
Tilrådde forkunnskapar
MGUKH501, MGUKH502 og MGUKH503.
Undervisnings- og læringsformer
Masteroppgåva er eit individuelt, sjølvstendig og rettleia arbeid. Seminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent deltaking på 2 obligatoriske seminar. Studentane skal delta aktivt på desse fellessamlingane både med munnleg framlegg av eige prosjekt, og med kommentarar til andre sine prosjekt. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Vurderingsform
Masteroppgåve. Oppgåva skal normalt vere på 25.000-35.000 ord (vedlegg ikkje medrekna), og skal skrivast på norsk, anna skandinavisk språk eller engelsk.
Der skapande utviklingsarbeid inngår som del av masteroppgåva, vert den skriftlege delen redusert med inntil 30%. Studentane leverer dokumentasjon saman med masteroppgåva. Dei skal presentere det skapande utviklingsarbeidet i ei offentleg utstilling.
Studentane som ikkje har skapande utviklingsarbeid i oppgåva, skal levere akademisk poster (analog og/eller digital) over oppgåva i ei offentleg utstilling.
Studentane får tildelt tid og stad for utstillinga. Munnleg utspørjing vert knytt til utstilling og oppgåve, og skal fungere justerande.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestra. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel