MGUKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av sjølvstendig innsikt i fagets legitimering og gjeldande læreplan som styringsdokument for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Vidare skal emnet utvikle undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring fra praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planleggje, gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om korleis arbeide med elevens kompetansar i faget gjennom læringsaktivitetar
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan utvikle og bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i arbeid med elevens kompetansar i undervisning i kroppsøving
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til danning og identitetsskaping til elevane
- kan anvende fagdidaktiske omgrep i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i kroppsøving
- kan nytte seg erfaring frå skulepraksis i utvikling av eigen lærarprofesjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Akademisk skriving. Innlevering av fagtekst(ar) med krav til struktur og kildehenvisning.
- Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
- Friluftsliv med overnatting
Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Semesterplanen vil gi retningslinjer for læringsaktivitetane. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.
Vurderingsform
Praktisk eksamen, 4-6 dagar.
Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga og gjennomføra eit undervisingsopplegg, som inkluderer eit refleksjonsnotat og ein fagleg samtale i etterkant.
Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt under planlegging av praktisk eksamensgjennomføring.
Under den praktiske gjennomføringa er ingen hjelpemiddel tillatt.
Meir om hjelpemiddel