MGUKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap (fag 1).
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om profesjonsrettet og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving
- har kunnskap om kroppsøving og innsikt i relevante fagdidaktiske problemstillingar i arbeid mot profesjonsfagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføra forsknings- og utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
- kan formulere problemstillingar og bruke relevant teori og forsking i arbeid med FoU-oppgåva
- kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve
- Friluftsliv med overnatting
Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.
Læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: FoU-oppgåve. Vekting 50 % av endeleg karakter.
- Del 2: Praktisk eksamen, 4-6 dagar. Ein praktisk eksamen der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderar refleksjon over fagdidaktiske problemstillingar med sikte på å vise fagkompetanse knytt til eiga undervisning og læring i kroppsøving. Vekting 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel