Hopp til innhald

MGUNA202 Naturfag 1, emne 2 – Fysikk og kjemi for grunnskulen

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Den levande naturen 1
  • Den ikkje-levande naturen 1.

Gjennom Naturfag 1 emne 2 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktisk tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 5. - 10. steg.

Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 5. - 10. steg i grunnskulen. Studenten lærer å planlegge undervisning som bygger på elevane sine kvardagsforestillingar, å konkretisere fagstoffet og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan bruke partikkelmodellen til å beskrive oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
  • har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
  • har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro-, mikro- og representasjonsnivå
  • har kunnskap om bruk av ulike typar modellar for å forklare og konkretisere fenomen i kjemi
  • har kunnskap om utrekning av stoffmengd og masse
  • har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
  • har kunnskap om bølger, lyd og lys, kjenner til forsøk og aktivitetar som kan forklarast med kunnskap om ulike bølgefenomen, til dømes drivhuseffekten.
  • har kunnskap om modellar for solsystemet og kan gjere greie for desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen
  • har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
  • kan forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda, forklare korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til og bruke ulike modellar til å illustrere dette
  • har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer, og korleis elevar sine rekneferdigheiter i naturfag kan utviklast
  • har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
  • har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
  • kan kople mellom observasjon og modellar
  • kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
  • kan legge til rette for og gjennomføre tverrfagleg teknologiundervisning knytt til tema innan fysikk og kjemi
  • kan tilrettelegge for overgangen frå barnesteget til ungdomssteget

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barne- og ungdomstrinnet som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar, også i et berekraftsperspektiv
  • har grunnleggande kunnskap om naturvitskapens metodar og tenkemåte som grunnlag for kritisk tenking og utforskande arbeidsmetodar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel å ha hatt naturfag (fysikk, kjemi og andre relevante fag) frå vidaregåande skule.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.

Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å arbeide med lærestoffet gjennom kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:

  • Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske, Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
  • Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
  • Munnleg framlegg av praksisarbeid
  • To didaktiske arbeid, kor minst eitt vil inkludere bruk av digitalt utstyr
  • Minst eitt arbeid vil knyttast til undervising ute

Eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.

Nærare omtale og retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil vere klare ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skuleeksamen, 6 timar.

Alle delar av eksamen (kjemi, fysikk og geofag) må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Tabellar og formlar i fysikk og kjemi, kalkulator.

Meir om hjelpemiddel