MGUNA231 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Den levande naturen
- Den ikkje-levande naturen.
Gjennom Naturfag 1 emne 2 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 5. - 10. steg.
Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 5. - 10. steg i grunnskulen. Studenten lærer å planlegge undervisning som bygger på elevane sine kvardagsforestillingar, å konkretisere fagstoffet og å legge til rette for utforskande undervisning og undervisning for bærekraft . Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- kan bruke partikkelmodellen til å beskrive oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
- har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
- har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro-, mikro og representasjonsnivå
- har kunnskap om bruk av ulike typar modellar for å forklare og konkretisere fenomen i kjemi
- har kunnskap om utrekning av stoffmengd og masse
- har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi, og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
- har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til forsøk og aktivitetar som kan illustrere fenomen knytt til dette temaet
- har kunnskap om modellar for solsystemet og kan gjere greie for korleis desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen
- har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer, og korleis elevar sine rekneferdigheiter i naturfag kan utviklast
- har kunnskap om ulike modellar som kan brukast til å forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda, og korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til
- har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
- har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
- har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
- kan koble mellom observasjonar og modellar
- kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
- kan legge til rette for og gjennomføre tverrfagleg teknologiundervisning knytt til tema innan fysikk og kjemi
- kan tilrettelegge for overgangen frå barnesteget til ungdomssteget
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan for barne- og ungdomstrinnet som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar, også i et berekraftsperspektiv
- har grunnleggande kunnskap om naturvitskapens metodar og tenkemåte som grunnlag for kritisk tenking og utforskande arbeidsmetodar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel å ha hatt naturfag (fysikk, kjemi og andre relevante fag) frå vidaregåande skule.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil bli organisert som Vestlandsklasse med fysiske samlingar og digital undervisning. Studentane vil og få oppgåver som dei skal gjennomføre på campus utan lærar til stades.
Arbeidsformene vil variere mellom forelesingar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing, digital undervisning, didaktiske oppgåver og muntlege argumentasjonsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det vil bli lagt til rette for at ein kan bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier. Obligatorisk arbeid blir utført på og mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studenten fortløpande ha obligatoriske læringsaktivitetar som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:
- Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske, Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
- Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
- Munnleg framlegg av praksisarbeid. Enkeltemnestudentar som ikkje skal ha praksis, får tilbod om alternativ læringsaktivitet.
- To didaktiske arbeid, kor minst eitt vil inkludere bruk av digitalt utstyr
- Minst eitt arbeid vil knyttast til undervising ute
Eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Nærare omtale og retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane vil vere klare ved semesterstart. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Alle delar av eksamen (kjemi, fysikk og geofag) må vere bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator.
Meir om hjelpemiddel