Hopp til innhald

MGUNO502 Norsk 3, emne 2 - Språk og språkdidaktikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten i fjerde året. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet gir studenten inngåande og avansert kunnskap om språkvitskap, språkdidaktikk og vitskapsteori og metode knytt til språkvitskaplege emne. Studenten får innsikt i nyare forsking om språklege tema, og korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande innsikt i teori om språkdidaktikk og språkvitskap
  • har avansert kunnskap om språkbruk og språkvariasjon, både talespråk- og skriftspråkvariasjon, i det norske samfunnet
  • har inngåande kunnskap om literacy
  • har avansert kunnskap om språk som uttrykk for systemferdigheiter, for retoriske handlingar og for individuell og kollektiv identitet
  • har inngåande kunnskap om andrespråkslæring og -vurdering
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det språkdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurdere døme på nasjonal og internasjonal språkforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar, og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan planleggje og gjennomføre undervisning i norsk språk som kan fremje den vitskaplege tenkjemåten og språklege kompetansen til eleven
  • kan tilpasse undervisninga etter alle elevar sine føresetnader og behov, inkludert elevar som har norsk som andrespråk
  • kan utvikle og vurdere læringsressursar i språkundervisninga og gje fagleg grunngjeven undervisning til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om språk og språkundervisning
  • kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
  • kan analysere og vurdere relevante faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1, eller tilgrensande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingane som studentane vert presenterte for.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gje ein munnleg seminarpresentasjon med bruk av powerpoint eller tilsvarande presentasjonsverktøy om eit tildelt språkvitskapleg eller språkdidaktisk tema, dessutan kommentere presentasjonen til ein annan student.

Språk for den obligatoriske læringsaktiviteten: norsk. Læringsaktiviteten skal skrivast på motsett skriftspråk av semesteroppgåva .

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utførte og godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje får godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet, får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Vurderingsform

Del 1: Semesteroppgåve, 3000 ord (pluss/minus 10 %). Tel 50 % av endeleg karakter.

Del 2: Munnleg eksamen, inntil 30 min. Tel 50 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.

Det er berre mogleg å levere forbetra versjon (del 1) med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. Det vert ikkje gjeve tilbod om rettleiing til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate

Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel