Hopp til innhald

MGUSA131 Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet, med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggjande ferdigheiter og kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet. Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.

Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

I dette emnet vert det lagt vekt på at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og kompetansar som grunnlag for framtidig arbeid som lærar. Fokuset ligg på sentrale tema innanfor hovudområda i samfunnsfag.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vitskaplege teoriar teori og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
  • har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
  • har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
  • har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling, historisk utvikling og berekraft
  • har kunnskap om historiske globale prosesser som har konsekvenser fram til i dag
  • har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
  • har kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar
  • kan leie læringsprosessar som sikrar progresjon i opplæringa og som legg særleg vekt på tidleg innsats, grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar
  • kan finne, søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellomtrinnet og ungdomstrinnet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet blir tilbydt som vestlandsklasse. Undervisninga vil bli lagt opp med digital undervisning og fysiske samlingar på campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Munnleg framlegg i gruppe på campus.
  • Digital presentasjon.
  • Innlevering av skriftleg logg på 500 ord i etterkant av dei fysiske samlingane. Loggen skal innehalde en oppsummering av dei viktigaste momentane frå samlinga, og ein vurdering av eiga læringsutbytte. Det må skrivast logg frå 80% av dei fysiske samlingane for at læringsaktiviteten skal bli godkjent.

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane. Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være fullført innan fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar.

Oppgåva skal vere på 3000 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel