MGUSA402 Samfunnsfag 2, emne 2 - Fordjuping i samfunnsfag 2
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Pensum er på engelsk.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har, i tilknyting til arbeid med semesteroppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
- har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
- har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
Ferdigheiter
Studenten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eiga semesteroppgåve og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUSA102 og MGUSA202
Undervisnings- og læringsformer
Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, ekskursjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal leggje fram utkast til semesteroppgåve for medstudentar og faglærar, og vere opponent på minst ei anna semesteroppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet må være fullført og bestått innen gitte frister før kandidaten kan levere semesteroppgåve, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
- Del 1: Semesteroppgåve, ca. 5000 ord. Tel 50 % av endeleg karakter.
- Del 2: Munnleg eksamen, inntil 30 minutt. Tel 50 % av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel.
Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel