Hopp til innhald

MGVIT501 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I emnet skal studenten få inngåande innsikt i vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytt til forsking om skule og utdanning. Dette gjeld både generelt og som grunnlag for opplyste metodeval i eiga forsking. Emnet skal gi kandidatane evne til å oppdatere seg på, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eiga forsking og eigen undervisningspraksis i studiet. Gjennom emnet skal studentane vidare fordjupe seg i forskingstilnærmingar og metodar som er spesielt relevante i høve til sine eigne forskingsinteresser.

Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodiske tilnærmingar blir vektlagt, i tillegg til aksjonsretta og praksisnære tilnærmingar til forskingsopplyst utviklingsarbeid i utdanningssektoren.

Stikkord for innhald:

  • Ulike vitskapsteoretiske retningar, posisjonar og metodiske tradisjonar innan pedagogikk og utdanningsforsking
  • Kunnskapsteori, logikk og argumentasjonslære i lys av tradisjonar og hovudliner
  • Forskarrolla, forskingsetikk, personvernomsyn og datahandtering innan ulike design
  • Kvantitativt forskingsdesign, datainnsamling og analyse
  • Kvalitativt forskingsdesign, datainnsamling og analyse
  • Aksjonsforsking, utviklingsarbeid og design for endringsarbeid
  • Utfordringar knytt til validitet, reliabilitet og generalisering innan ulike design
  • Metodefordjuping knytt til eiga forsking

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har

  • inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar, tradisjonar og tilnærmingar innan utdanningsforsking, samanheng mellom desse og ulike forskingstilnærmingar
  • god kunnskap om dei mest sentrale typane av forskingsdesign og forskingsmetodar med relevans for utdanningsforsking
  • inngåande kunnskap om forskings- og profesjonsetiske retningsliner og grunnleggjande etiske problemstillingar innanfor utdanningsforsking
  • avansert kunnskap på minimum eitt metodefelt

Ferdigheiter

Studenten kan

  • forhalde seg kritisk til vitskapsteoretiske utfordringar knytt til ulike typar didaktisk, utviklingsretta og analytisk orientert forsking
  • analysere relevant forskingslitteratur og nytte denne til utarbeiding og grunngjeving av design for eit forskingsprosjekt
  • reflektere kritisk over forskingsetiske problemstillingar i forskingsprosjekt
  • bruke relevante analyseverktøy i handsaming av data i forsking- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formulere eigne forskingsspørsmål og problemstillingar og knyte desse til relevant vitskapteoretisk posisjon, tradisjon og metodisk framgangsmåte
  • kritisk reflekterer over sentrale etiske implikasjonar av eige forskingsarbeid
  • kommunisere og argumentere for eige forskings- eller utviklingsarbeid i lys av vitskapsteoretiske posisjonar og forskingsetiske vurderingar
  • lese og kritisk vurdere vitskapleg litteratur frå sitt forskingsfelt og slik delta i den relevante, vitskaplege diskursen i eige profesjonsfellesskap
  • vise god profesjonsetisk kompetanse i forsking og utviklingsarbeid som involverer barn og unge

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet blir lagt opp som omvendt undervisning, basert på litteratur og digitale førelesingar og ein kombinasjon av fysiske og virtuelle samlingar.

Dialogar mellom studentar og mellom studentar og lærarane er eit sentralt element i undervisninga. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læringsutbytte.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Skriftleg og munnleg presentasjon av førebels tema for masterprosjekt. Om lag 1 s. eller rundt 250 ord.
  2. Skriftleg og munnleg presentasjon av vitskapsteoretiske, metodiske og/eller forskingsetiske problemstillingar med relevans for for masteroppgåve. Skriftleg i form av eit essay på ca 3000 ord. Munnleg presentasjon på nett eller samling. Deltaking i opposisjon mot medstudentars framlegging.
  3. Øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvantitative data. Nett eller samling.
  4. Øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvalitative data. Nett eller samling.

Obligatoriske læringsaktivitetar må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Mappa består av:

  • Individuell skriftleg tekst med analyse av kvalitative data, 20%.
  • Individuell skriftleg tekst med analyse av kvantitative data/tekstar, 20%.
  • Essay som presenterer vitskapsteoretiske, forskingsetiske og metodiske problemstillingar knytt til eit tenkt forskings- eller utviklingsprosjekt (masterprosjekt), 60% .

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ikkje bestått mappe må takast på nytt neste gang emnet vert undervist.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel