MIDR403 Fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I emnet lærar studenten å planlegge gjennomføring og evaluering av eit prosjekt innanfor tema fysisk aktivitet og fremming av helse i ein populasjon. Studenten skal i dette emnet utvikle sjølvstende i og kritisk vurdering av folkehelsearbeid.
Emnet omhandler kunskapsbasert folkehelsearbeid med fokus på fysisk aktivitet, utjamning av sosiale helseforskjellar og forskingsmetodar knytt til fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv. Gjennom teori og praktisk øving skal studenten lære om medverknad, prosjektleiing, innovasjon og berekraft i eit folkehelseperspektiv.
Emnet legg opp til arbeid i grupper der studentar i dialog med ein ekstern oppdragsgjevar planlegger sitt prosjekt. Emnet inkluderer to valfrie skriftlege innleveringar som studentane kan få tilbakemelding på, ei obligatorisk skriftleg innlevering og tre obligatoriske munnlege presentasjonar knytt til prosjektarbeid som studentane vil få tilbakemelding på. Innleveringane og presentasjonane er relevante for prosjektrapporten som skal leverast som vurderingsoppgåve.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse og fysisk aktivitet
- har inngåande kunnskap om folkehelse, faktorar som påverkar helse og livskvalitet og sosial skilnad i helse på befolkningsnivå
- kan gjere greie for sentrale føringar for folkehelsearbeid og fysisk aktivitet
- har kunnskap om innovasjonsprosess og innovasjonsmetodikk som kan nyttast i folkehelsearbeid
Ferdigheiter
Studenten
- kan innhente kunnskap om, og vurdere verknader av, nasjonale og internasjonale tiltak for å auke befolkninga sitt fysiske aktivitetsnivå
- kan vurdere samanhengar mellom folkehelsetiltak og berekraftsmåla
- kan vurdere relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor forsking på fysisk aktivitet og folkehelse
- kan planlegge, organisere og evaluere eit folkehelseprosjekt som omhandlar fysisk aktivitet
- kan legge til rette for medverknad i folkehelseprosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan samarbeide med andre om utvikling av eit prosjekt
- kan innhente, analysere og presentere data som omhandlar fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv
- kan munnleg og skriftleg presentere og kritisk reflektere om eit eigenutvikla prosjekt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet vekslar mellom forelesingar og studentaktive læringsformer som seminar, prosjektarbeid, og studentpresentasjonar. Studentane skal samarbeide både med medstudentar og eksterne aktørar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Prosjektplan for folkehelseprosjekt
- Munnleg presentasjon frå ei mindre kvalitativ undersøking knytt til fysisk aktivitet og/eller folkehelseprosjektet
- Munnleg presentasjon frå ei mindre kvantitativ undersøking knytt til fysisk aktivitet og/eller folkehelseprosjektet
- Munnleg presentasjon og kritisk vurdering av prosjektet for medstudentar og eksterne aktørar.
Vurderingsform
Gruppeoppgåve: Prosjektrapport.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel