Hopp til innhald

MIDR406 Måleeigenskapar, statistikk og prosjektplan

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Sentralt i dette emnet er val av instrument for å måle det me ynskjer å måle i ein gitt situasjon og analyse av data ved hjelp av eigna statistiske metodar. Innhaldet vil konsentrere seg om vurdering av i kva grad ulike måleinstrument er reliable, valide og relevante ved bruk av ulike forskingsdesign og i ulike utval. Emnet vil vidare fokusere på anvendt statistisk analyse av ulike typar data og i ulike forskingsdesign.

Det vil bli gitt ei innføring i kva som skal inngå i ein prosjektplan, samt innføring i naudsynte søknadar for å kunne gjennomføre ulike forskingsprosjekt. Det vil gjennomgåande vere fokus på å førebu studentane på å gjennomføre og skrive masteroppgåve. Studentane skal skrive sin prosjektplan for masteroppgåva i emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om viktige omgrep knytt til vurdering av måleeigenskapar
  • har inngåande kunnskap om kva rolle ulike måleeigenskapar spelar i ulike forskingsdesign
  • har kunnskap om ulike statistiske analysemetodar
  • kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektet sine problemstillingar og metodar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere ei hypotese, foreta elementære statistiske val i høve til hypotesen og analysere data
  • kan vurdere sentrale måleeigenskapar for ulike måleinstrument
  • kan utforme ein vitskapleg prosjektplan

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, analysere og evaluere kvantitativt forskingsarbeid
  • kan vurdere etiske problemstillingar knytt til eige forskingsprosjekt
  • kan planlegge eit større forskingsprosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MIDR400 Vitskapsteori og forskingsmetode

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer, som eige arbeid med oppgåver og prosjektplan, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og plenumsdiskusjonar. Eige masterprosjekt er førande for deler av innhaldet i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Eitt individuelt skriftleg arbeid med munnleg presentasjon knytt til vurdering av eigenskapar for ulike måleverktøy
  • Individuell skriftleg prosjektplan
    • Skriftleg individuell innlevering av tema og foreløpig problemstilling for masteroppgåve
    • Presentasjon av prosjektplan og deltaking på seminar
    • Prosjektplan til rettleiing

Læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om å ha inngåande kunnskap om viktige omgrep knytt til vurdering av måleeigenskapar, kva rolle ulike måleeigenskapar spelar i ulike forskingsdesign, vurdere sentrale måleeigenskapar for ulike måleinstrument og å kunne utforme ein vitskapleg prosjektplan.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen i statistikk, 5 dagar.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel