MIDR550 Masteroppgåve i idrettsvitskap
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
I emnet får studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt. Arbeidsform er hovudsakleg individuelt arbeid under vegleiing av ein eller fleire fagpersonar med relevant fagbakgrunn. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet med innhald tilpassa normal framdrift. Masteroppgåva er ei individuell oppgåve og skal leverast som ein vitskapleg monografi eller artikkel med utvida teori.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskap om å planlegge, legge til rette for og gjennomføre eit forskingsprosjekt
- har inngåande kunnskap om forskingsmetodar i idrettsvitskap
- har avansert kunnskap om eit avgrensa idrettsvitskapleg fagområde
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under vegleiing og i samsvar med gjeldande nasjonale og internasjonale forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruke sine kunnskapar innan idrettsvitskap på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og forskingsprosjekt
- kan bidra til nytenking, innovasjonsprosessar og utvikling av ny kunnskap i idrettsvitskap
- kan analysere og forholda seg kritisk til nasjonalt og internasjonalt vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder, og bruke desse til å utforme faglege resonnement
Krav til forkunnskapar
For å få levere masteroppgåva må alle emner i første og andre semester være bestått.
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar(ar) planlegge, gjennomføre og rapportere frå masterprosjektet sitt i samsvar med retningslinjer for masteroppgåve. Studenten får oppnemnt rettleiar og eventuelt medrettleiarar. Det blir arrangert tre dagsseminar i emnet som er tilpassa normal studieprogresjon og har fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Der er ingen obligatoriske læringsaktiviteter knytt til emnet.
Vurderingsform
Skriftleg individuell masteroppgåve med justerande munnleg eksamen. Ved særskilte tilfelle, kan to studentar søke om samskriving av masteroppgåve, med individuell munnleg justering.
Sjå eigne retningslinjer for masteroppgåve for master idrettsvitskap.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved karakter A-E på den skriftlege oppgåva, skal studenten gjennomføre justerande munnleg eksamen som har to delar:
- Ein open presentasjon av masteroppgåva på 10-15 minutt
- Ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva
Samla tid for den munnlege delen er ca. 1 time. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat, som er sett på oppgåva på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter. Studenten skal etter justerande munnleg eksamen få ei munnleg grunngjeving for karakteren.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått, er det mogleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel