Hopp til innhald

MPUV504 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I emnet skal studenten få inngåande innsikt i vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytte til forsking om utdanning. Dette gjeld både generelt og som grunnlag for metodeval i eige masterprosjekt. Emnet skal gi kandidatane evne til å oppdatere seg på, vurdere og reflektere over ny forsking relatert til eige masterprosjekt og eigen yrkespraksis innan utdanningsfeltet. Gjennom emnet skal studentane vidare fordjupe seg i forskingstilnærmingar og metodar som er spesielt relevante for deira eige masterprosjekt.

Både kvalitative og kvantitative forskingsmetodiske tilnærmingar blir vektlagt, i tillegg til aksjonsretta og praksisnære tilnærmingar til forskingsopplyst utviklingsarbeid i utdanningssektoren.

Stikkord for innhald:

  • Ulike vitskapsteoretiske retningar, posisjonar og metodiske tradisjonar innan utdanningsforsking
  • Forskarrolla, forskingsetikk, personvernomsyn og datahandtering innan ulike design
  • Validitet, reliabilitet og generalisering, datainnsamling og analyse innan kvantitative, kvalitative og utviklingsretta design
  • Metodefordjuping knytt til masterarbeidet

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar, tradisjonar og tilnærmingar relevant for utdanningsforsking, samanheng mellom desse og ulike forskingstilnærmingar
  • har god kunnskap om dei mest sentrale typane av forskingsdesign og forskingsmetodar med relevans for utdanningsforsking
  • har inngåande kunnskap om forskings- og profesjonsetiske retningsliner og grunnleggjande etiske problemstillingar innanfor utdanningsforsking
  • har avansert kunnskap på minimum eitt metodefelt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forhalde seg kritisk til vitskapsteoretiske utfordringar knytt til ulike typar didaktisk, utviklingsretta og analytisk orientert forsking
  • kan analysere relevant forskingslitteratur og nytte denne til utarbeiding og grunngjeving av design for eit forskingsprosjekt
  • kan reflektere kritisk over forskingsetiske problemstillingar i forskingsprosjekt
  • kan bruke relevante analyseverktøy i handsaming av data i forsking- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formulere eigne forskingsspørsmål og problemstillingar og knyte desse til relevant vitskapsteoretisk posisjon, tradisjon og metodisk framgangsmåte
  • kan kritisk reflektere over sentrale etiske implikasjonar av eige forskingsarbeid
  • kan kommunisere og argumentere for eige forskings- eller utviklingsarbeid i lys av vitskapsteoretiske posisjonar og forskingsetiske vurderingar
  • kan lese og kritisk vurdere vitskapleg litteratur frå sitt forskingsfelt og slik delta i den relevante, vitskaplege diskursen i eige profesjonsfellesskap
  • kan vise god profesjonsetisk kompetanse i forsking og utviklingsarbeid som involverer barn og unge

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er fleksibelt lagt opp med synkrone og asynkrone nettbaserte førelesingar. Dialogar mellom studentar, og mellom studentar og lærarane er eit sentralt element i undervisninga. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læringsutbytte.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Tre individuelle skriftlege innleveringar.
  • Kvarandrevurdering av innleverte tekstar.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 7 dagar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel