MS1-306 Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i
ei problemstilling knytt til helse- sosial eller idrettsfaglege tenester. Den kan gjerne vere knytt til eit område studenten har erfaring med. Med bakgrunn i ein prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Det er ein føresetnad at det vert gjennomført ei empirisk undersøking, teoretisk analyse eller metaanalyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.
Ei masteroppgåve på 45 studiepoeng skrevet som monografi skal vere på inntil 25 000 ord eksklusive innhaldsliste og referanseliste. Ei masteroppgåve på 30 studiepoeng skrevet som en monografi skal være på inntil 18 000 ord eksklusive innhaldsliste og referanseliste. Omfanget på studiepoeng illustrerer ein forskjell på den arbeidsmengda som masteroppgåva er meint å skulla krevja (høvesvis 25 000 ord/ ¾ års fulltidsstudium og 18 000 ord/1/2 års fulltidsstudium). Som emneplanen viser skal begge typar masteroppgåver ha krav om same kunnskapsnivå og skal vurderast etter den same generiske karakterskildring. Krava for å oppnå ein gitt karakter er likevel høgare for studentar som skriv 45 studiepoengs oppgåver. Til dømes blir det kravd djupare forskingsteoretisk og metodisk forståing på ei masteroppgåve på 45 studiepoeng.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten…
- kan gjere greie for sentrale teoriar og metodar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing
- kan analysere og stilla seg kritisk til relevante teoriar, nasjonal og internasjonal forsking på det aktuelle forskingsområdet
Ferdigheiter:
Studenten…
- har inngåande kunnskap om forskingsprosessen sine ulike delar
- kan bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid
- kan stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette
- kan arbeide analytisk og lede innovasjon og tenesteutvikling
- kan bidra med kunnskapsbaserte argument i velferdsdebatten knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse
- kan kvalifikasjonar for vidare forskarstudium
Krav til forkunnskapar
Bestått emnene MS1-320, MAMET1SF-1, MS1-323, MS1-325 og MS1-328
Undervisnings- og læringsformer
Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjon i arbeidet. Det blir lagt opp til felles seminar undervegs der studentane skal legge fram og drøfte arbeidet sitt med studentar og rettleiarar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende før studentane kan levere masteroppgåva.
- 90 % nærvær deltaking på seminar med presentasjon av prosjektet undervegs for rettleiarar og andre studentar.
Vurderingsform
Masteroppgåve
Masteroppgåva skrivast som eit individuelt arbeid eller i samarbeid mellom to studentar.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten bearbeida masteroppgåve til ny eksamen i påføljande semester
Det er ikkje tilgang til å levere ny eller bearbeida masteroppgåve ved bestått resultat.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel