Hopp til innhald

MS1-328 Prosjektplan

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal studenten utforme prosjektplan for masteroppgåva. Gjennom arbeidet med prosjektplanen skal studenten planlegge og førebu arbeid med eige masterprosjekt.

Prosjektplanen skal vere med på å sikre fagleg- og vitskapleg kvalitet, og effektiv framdrift og gjennomføring av masteroppgåva. 

Emnet tar for seg korleis studenten kan setje eige prosjekt inn i ein samfunnsmessig og fagleg kontekst ved å vere tydeleg på kva slags fenomen, problem eller erfaringar masterprosjektet relaterer seg til. Prosjektplanen skal synleggjere den logiske strukturen i masterprosjektet, kva som er måla med det, og kva som er strategien for å nå desse måla.

Emnet gjev trening i å skildra-, leggja fram- og diskutera valt tema og relevant problemstilling(ar) innafor det aktuelle fagfelt. Emnet legg vekt på korleis tema og problemstillinga legg føringar for val av forskingsdesign og - metode.

Emnet legger vidare vekt på korleis studenten skal ivareta personvern og forskingsetiske retningsliner, og gir ei innføring i søknadsprosess og meldeskjema til SIKT/REK med fokus på korleis studenten skal behandle personopplysninger i eige forskingsprosjekt.

Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller to studentar saman. Om ein skriv to saman så skriv ein felles prosjektplan.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...   

  • kan planleggja og utvikla eige forskingsprosjekt.   
  • har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking.   
  • kan anvende etiske prinsipp og relevante etiske retningslinjer i eiga prosjektplan.   

Ferdigheiter:
Studenten...   

  • kan demonstrere logisk og systematisk tenking i tema med relevans for eige forskingsprosjekt   
  • kan beherska prosjektbeskrivingsformatet 
  • kan anvende lovverket om personvern i forhold til prosjektutvikling, datasamling og datalagring 

Generell kompetanse:
Studenten...   

  • kan diskutera utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar/-metodar.  
  • kan vurdere overføringsverdi/generaliserbarhet i forskingsprosjektet
  • kan gjera avvegingar om forskingsetiske spørsmål i helse- og sosialfagleg forsking . 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Bør ha gjennomført emnet MAMET1SF-1

Undervisnings- og læringsformer

Emnet har ei digital forelesing felles for alle campus, og to obligatoriske seminar knytt til den campusen studenten er tatt opp.

Forelesningar, sjølvstudium, rettleiing. Seminar med framlegg, medstudentrespons og diskusjon.  

Studenten har krav på inntil tre individuelle/gruppe rettleiingstimar på prosjektplanen. Det vert i tillegg gitt rettleiing i grupper på seminara.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90 % deltaking på studentaktiv undervisning og seminar

Obligatoriske læringsaktivitetar er teljande i tre påfølgjande semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Oppgåve
Prosjektplanen skal skrivast individuelt eller i gruppe på to studentar.

Omfang: 3000 ord +/- 10% eller 3500 ord +/- 10% om to studentar skriv saman

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der karakterane A til E er bestått og F er ikkje bestått.

Ny eksamen  
Ved ikkje bestått leverer studenten bearbeidd prosjektplan til ny vurdering.

Hjelpemiddel ved eksamen

 Alle hjelpemiddel er tillatt

Meir om hjelpemiddel