Hopp til innhald

MT500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhald og oppbygging

Emnet har tre samlingar à tre til fire dagar med ulike arbeidsoppgåver og ein kort digital dag mellom samlingane. Innhald i emnet er:

  • Teoriar om salutogenese
  • Teoriar og tilnærmingar i rehabilitering og folkehelse
  • Ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
  • Relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
  • Fysisk aktivitet og naturopplevingar

Vi tek atterhald om at nok studentar søker om opptak for at emnet skal starte opp

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har avansert kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse.
  • har inngåande kunnskap om teoriar og tilnærmingar i aktivitet og helse med utgangspunkt i salutogenese.
  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på aktiv omsorg i etnisk og kulturelt mangfald
  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne.
  • har inngåande kunnskap om relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar om helsefremjande faktorar.
  • kan bruke kunnskap om rehabilitering og folkehelse, med vekt på fysisk aktivitet og nærfriluftsliv, på relevante fagområde.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan anvende teoriar, kunnskaper og ferdigheiter om helsefremmande faktorar og analysere og arbeide sjølvstendig med problemløysing på grunnlag av desse teoriane.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innan folkehelse, helsefremming og aktiv omsorg, både med spesialistar og til allmennheita.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar /tur, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. Skriftlege førebuingar mellom samlingane, etterfølgt av munnlege presentasjonar (relevante metodar som førebuing til sluttvurdering). I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudd på å betale ein eigenandel.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere vurdert som godkjent for å framstille seg til eksamen.

1. 80 % deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og seminar

2. Ei skriftleg oppgåve. Omfang er 1600 ord +/- 10%. Studenten får ei rettleiing på oppgåva.

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen over 9 dagar. Omfang er 3000 ord +/-10%.

Vurderingsutrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.

Ny eksamen
Om studenten får "ikkje bestått" på eksamen eller vil forbetre karakter, må heile eksamen takast opp att, og ny oppgåve løysast.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel