Hopp til innhald

MUSPRA Grunnskolepraksis, årsstudium i musikk

Emneplan for studieåret 2023/2024

Innhold og oppbygning

Praksis skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga utøving som lærar og fasilitator. Praksis i dette emnet er i hovudsak retta mot grunnskulen sitt mellomtrinn. Fokusområde er knytt til utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse, observasjon og utprøving av klasseleiing, samt verte kjend med lærarrolla, skulen som organisasjon og ulike fagtradisjonar knytt til musikkfaget. Studenten kan også få i oppgåve å observere og undervise i andre fag enn musikk.

Praksis er 15 dagar samanhengande.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar musikk som fag
  • eit variert repertoar av innhald og arbeidsmåtar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • åleine og saman med andre planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk
  • nytte observasjon og planleggingsdokument som utgangspunkt for gjennomføring og refleksjon over eiga undervisning og læring
  • arbeide aktivt for relasjonsbygging med elevar og lærarar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
  • reflektere over læraren si rolle som kulturformidlar

Krav til forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) si undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot rettleiing, utforme refleksjonsnotat og halde innlegg/framlegg.

Praksisarenaer kan vere spreidd over eit større geografisk område, og studentane må vere førebudd på noko reising. Ein må pårekne utgifter til reising jfr HVL sitt reglement for utgifter i samband med praksis.

Før og i praksisperioden skal studentane:

  • Gjere seg kjend med retningslinjer for praksis og praksisnettsidene
  • Gjere seg kjend med praksisskule, elevar, lærarar, lokale læreplanar og formelle sider ved læraryrket som t.d. arbeidstid, arbeidsoppgåver og taushetsplikt

Det er krav om 100% oppmøte i praksis; dette inkluderer all praksis på praksisstaden, seminar, rettleiing, praksisførebuande møte, førebuing og etterarbeid. Om ein ikkje oppfyller oppmøtekravet vil ein få ikkje-bestått i praksis.

Studenten skal utarbeide eit refleksjonsnotat med eigne læringsmål før praksisperioden som skal leverast til praksislærar. Læringsmåla tek utgangspunkt i læringsutbytteformuleringane i emneplanen. Notatet skal innehalde refleksjon over læringsmåla og forventningar til medstudentar, praksislærar og praksisskule.

Når studenten har ansvar for ei undervisningsøkt, skal studenten lage eit planleggingsdokument åleine eller i samarbeid med medstudentar. Praksislærar skal motta dokumentet i god tid før undervisninga slik at studenten kan få rettleiing før undervisningsøkta.

Studenten følger arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar(ar) så langt det er mogleg, inkludert teamarbeid, inspeksjon i friminutt, møter og skule-heim-samarbeid. I tillegg skal studenten observere når praksislærar(ar) og medstudentar underviser og kan bli brukt som medlærar når andre har undervisningsansvaret, for eksempel ved gruppedeling eller i elevrettleiing.

Studenten skal utarbeide sjølvevaluering som leverast til praksislærar til sluttsamtalen.

Studenten skal evaluere praksisperioden etter endt praksis.

Vurderingsform

Praksis, 15 dagar obligatorisk praksis med 100% oppmøtekrav

Sluttkarakter vår: bestått/ikkje bestått.

Vurderinga er ikkje etterprøvbar. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre eit andre forsøk neste gong emnet går ordinært. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen

Mer om hjelpemidler